Halvdan kjem til Ulstein

Musikk

No er det vår her i byen, som Halvdan Sivertsen syng i "Nordaførr vårvise", men til hausten kjem han til Ulsteinvik.

Den kjende artisten starta året med å fylle 70 år den 5. januar, men han har ingen planar om å pensjonere seg. Han kom nyleg ut med albumet "Ennu ikke landa".

I slutten av januar var det stor festkonsert med Kringkastingsorkesteret og vener i Oslo konserthus. Til sommaren reiser han rundt på fleire festivalar, og til hausten reiser han rundt i landet med "Halvdan Sivertsen 70 år".

Og den 31. oktober kjem han turen til Ulsteinvik. Her vil publikum få høyre hitar og klassiske låtar, med kort veg mellom gapskratt og det djupaste alvor. Siversten har eit skråblikk både på seg sjølv, samfunnet rundt oss og tida me lever i.

Karrierat til Halvdan Siversten spenner over meir enn 50 år, frå den spede starten i Bodø sitt pop- og rockemiljø på 60-talet, via visebølgja på 70-talet, til å bli ein av landets mest populære artistar.


Musikk