Utviklinga av Hareid

Vi treng DRIV!

Meiningar

Mange i Hareid etterlyser ein ny Driv! Sist ut i media var Oskar Grimstad - som sjølv har sete i kommunestyret for FrP og hatt godt høve til å fremje ny tankar og idear, men kvar er nytenkinga?

Fotball og idrett er det einaste som har vore satsa på med tanke på ungdomsaktivitetar - men kva med alle dei andre som ikkje er Der? Vi har ikkje Ein Einaste stad som er tilrettelagd for øving og framsyning av aktivitetar som har sterke tradisjonar i Hareid - slik som innafor teater, song og musikk. No er det på tide å satse på alle våre aktive ungdommar som faktisk driv med ganske mykje i den lei. Fotball- og idrettsfolket har hatt brei støtte i si oppbygging - no må vi alle innsjå at vi treng å utvide og bygge opp også andre deler av kulturlivet - for å skape trivsel for enda fleire! Breidda i kulturlivet er Vesentleg!

Vi kan få opp eit Drivhus der dei Andre nettopp kan drive med Sine aktivitetar! Vi kan få oss eit hus med plass til til 4-500 for ein firedel av prisen på tidlegare prosjekt! Eg har fagfolk i ryggen som fortel meg at dette er fullt mogleg.

Det gjeld å sjå framover, har ordførar Anders Rise nyleg sagt til avisa. Heilt samd!

Han listar opp ei rekkje tiltak som skal sette fart i utvikling av Hareid - mykje bra, og vi må alle støtte under og bidra til realisering av planane, kvar på sitt vis..! Men vi treng altså endå eit punkt på lista, eit Drivhus. Det skal ha ei scene som alltid står ferdig rigga med lyd og lys -som skal forsterke og understreke innhaldet i framsyningane. Salen skal kunne skifte stemning frå det mørkaste mørker til den lysaste og muntraste atmosfæra vi kan tenke oss, og lyden skal bere godt heilt til bakarste benk.

Vi har fullt av ungdomar i kommunen som er aktive på mange område - men vi ser ikkje kva dei driv på med. Dei har ingen plass å vise seg fram.

Mange av dei har gått på skule i Ålesund, Volda og andre stader og har lært seg korleis opptre på ei scene. Mange har valt å gå i klasser i vidaregåande skule der song, dans og drama har stor plass. Vi ser reportasjar om skikkeleg svære framsyningar på desse skulane. Mange av aktørane er herifrå, og mange blir buande her for all framtid - viss tilboda er gode nok!

Og så har vi alle dans- og turngruppene, og alle kjellarbanda, og dei som skal drive teatertradisjonen vår vidare - alle dei som skal take vare på den store kulturarven vår.

Jauda, dei kan når som helst opptre på golvet i Hareidhallen med publikum på lause stolar i salen. Men det blir ganske annleis enn det både ungdomane sjølve og vi vaksne veit korleis det Kan vere. Kommunane rundt oss har slikt utstyr og vi reiser gjerne dit for å sjå ei skikkeleg framsyning.

Berre Ei veke i året har vi ei fullrigga scene med både lyd og lys! Hareidsstemna. Der får vi sjå og høyre ein ørliten liten flik av alt vi har å by på. Tenk på alle talenta våre som har dette eine vindauget i året, denne eine veka å vise seg skikkelig fram på!

Planen er heilt enkel - og rimelig. Vi forlengar Hareidhallen mot sentrum med 25-30 meter.

I den nye enden av bygget skal vi ha ei scene på flatt golv slik som i Herøy og Ulstein. Vi utstyrer det nye rommet med lyd og lys tilsvarande det dei har i nabokommunane. Vi brukar amfiet som til vanleg står samanslått i Hareidhallen. Vi snur det 180 grader og plasserer det i den nye salen med ryggen mot dagens endevegg - og legg til eit hundretal plassar på eit nytt 2.nivå aller bakerst. Vi får ny inngang og eit minglerom og nokre garderober og toalett som høyrer til.

Bygg, lyd/lys får vi for 15-20 mill, medrekna dei gode tilskotsordningane som finns for denne slags.

Dagens leige av utstyr berre til Hareidsstemna kostar 200.000 pr år - pluss mannskap og frivillige, så berre her tek vi inn størstedelen av kostanden scene med utstyr i løpet av ti år.

All ære til dei som har fått i stand gode løysingar for fotball og idrett - vi skal ikkje ha nokon konkurranse eller sette noko opp mot kvarandre - men vi treng også å ta vare på andre deler av vårt utvida kulturbegrep. Vi treng støtte frå alle hald - vi treng å snakke om at vi må utvide tilboda våre, vi treng å få opp lysta til å komme i gang! Vi treng å løfte i flokk!

Sjå skisse av ei mogleg løysing laga av Eldar Hareide. Fleire skisser på nettsida.

Bygget speglar Hareid frå mange vinklar, utvendig som innvendig - alt etter eigen ståstad.

PS: Hareid kommune har tidlegare hatt oppe tre forskjellige forslag til nytt kulturhuss - eitt av dei ligg som vedtak i kommunestyret, men har aldri sidan vore tatt fram av skuffa. Det var også eit klart vedtak om at overskotet i det tidlegare Ølmonopolet skulle gå til kulturhus - men dei 20 millionane (som hadde vore nok til å få opp forslaget mitt) gjekk med til laust og fast som kommunen mangla pengar til…