Det nærmar seg sommarferie. Fem arbeidsdagar står att før den første bolken med sommarfri står for døra, og eg kjenner at tankane allereie har byrja å bevege seg i retning nye stadar og nye opplevingar.

Samstundes er det ikkje fritt for at tankane også dukkar innom nokre gamle utfordringar, eller spesielt ei utfordring som dukkar opp både støtt og stadig når eg skal på tur. Vektproblematikk.

Eg skal nemleg ut og flyge, og då har det seg slik at eg ikkje får ta med absolutt alt eg kanskje skulle ville ønske. Det er ikkje slik som når eg reiser på tur med bil, og ser ut som om eg er på flyttefot, med stor sekk, stor bag og ein del anna utstyr slengande rundt der det er plass.

Men no må eg faktisk prioritere i litt større grad. Eg har berre den store sekken, som strengt tatt har nok plass, men eg får ikkje lov å ha med meir enn 23 kg.

Då er det greitt at fotoutstyret går i handbagasjen, for berre der snakkar vi om ein god del vekt, og der er det også svært lite eg kan tenkje meg å la vere å ta med. Nei, då får vi heller håpe at dei ikkje veg handbagasjen for nøye.

Eg trur eg har skrive tidlegare at eg er elendig til å pakke. Alterativt at eg er veldig flink til å pakke, berre svært dårleg til å begrense meg. Difor ender det som oftast opp med at tursekken passerer 30 kg, og gjerne litt til på toppen.

Når eg no skal ut på tur, der eg i løpet av ti dagar skal gjere svært mykje forskjellig, frå å gå på tur i villmarka, jakte fugl med kameraet ved kysten, vere “urban” i diverse byar eg kjem innom og i tillegg truleg kome over diverse som eg ikkje hadde tenkt på at eg kunne kome til å finne på, så seier det seg sjølv at eg må vere klar for det meste. Då må også utstyret vere tilpassa dette, og eg burde i utgangspunktet ha med så mykje som mogleg.

Men så var det dette med vekta igjen.

No har eg gjort nokre grep. På store delar av turen blir det truleg overnatting i telt, og mitt gamle telt, fantastisk som det er, er ikkje av dei lettaste. Faktisk er det nærare fem kg. Truleg litt over når ein tek med nokre ekstra pluggar. Det er snart ein fjerdedel av all vekta eg får ha med meg på tur, og i tillegg tek teltet ganske mykje plass.

Det blir rett og slett for stort og tungt til det eg skal ut på denne gongen, og difor har eg gått til innkjøp av eitt nytt telt. Eg vurderte å vere skikkeleg “crazy” og gå for eitt som vog under kiloen, men styrte til slutt vekk frå galskapen og slo meg til rette med eit på rett under to. Det er godt over halvparten så lett som det eg har frå før, og tek i tillegg mykje mindre plass i sekken. At teltet likevel er meir enn romsleg nok for ein person, og faktisk har plass til to, så sant ein er litt glade i kvarandre, gjer dette til eit svært praktisk telt for det eg no skal ut på.

Men teltet er ikkje alt. Eg må nesten ha med kle for både vått og tørt vêr. For både kulde og litt varmare temperaturar. Til turliv og byliv. I tillegg kjem ein god del anna utstyr, som kan vere nødvendig, eller berre kjekt å ha med seg. Den komande veka blir det dermed eit hattefok med å leite opp dei lettaste klea eg har, dei lettaste skoa og det lettaste utstyret. Så får ein berre håpe på det beste.

Turen blir nok meir som eit eventyr uansett, så sant eg får pakka sekken.