Kommentaren:

På tampen av pappapermen

Les denne vekas kommentar, forfatta av vår nye kommentar-skribent, hareidsdølingen Audun Roe Grimstad (47).

Søvnlaus Det vandrar ein søvnig skare med småbarnsfedre rundt i Oslos gater.  Foto: 123RF.com

Meiningar

Audun er opphavleg frå Hareid, men bur no i Oslo, der han jobbar som kreativ i eit reklamebyrå. Han har sambuar og to barn. Under kan du lese hans første kommentar på trykk i Vikebladet Vestposten.


Vi er eit eige samfunn, vi småbarnsfedre, der vi ruslar rundt i Oslos tomme gater og trillar på ei barnevogn. Klokka er seks om morgonen. Bortsett frå ei og anna due som prøver å ete ein sigarettsneip, eller ein festgjengar som av ukjent grunn ikkje har sove i eiga seng, er vi dei einaste som er ute. Vi nikkar og smiler forsiktig til kvarandre av omtanke og forståing. Skjebnefellesskapet syner seg i form av mørke ringar rundt augo, sovesveis og genseren att fram eller ut inn. Det har vore nok ei natt utan særleg søvn og du har tatt med deg ungen ut, slik at mor kan få sove. Alt du tenker på er luren seinare på dagen og at kaffisjappene må opne, snart. Du treng kaffi. I store mengder.