Det er nok brakkeundervisning no

Elevrådet ved Ulsteinvik barneskule: Frå venstre Hedda, Kasper, Georg, Peter, Sondre og Eivind. 

Meiningar

No meiner vi i elevrådet ved barneskulen at det er nok brakkeundervisning. Det er ikkje greit lenger. Nok er nok. Tre klasser (ca 75 elevar) har kvart år blitt sent ned dit i snart 20 år.

Det verste er lufta og vatnet. Vi har ikkje vatn på klasseroma, så vi må gå på do å hente vatn. Men det er lunka og ekkelt. Så vi brukar å ha med drikkeflaske med kaldt vatn.

Så er det lufta. Det er ikkje greit for verken elevane eller læraren. Vinduet må stå oppe alltid, elles får vi haudeverk. Nokre gongar må vi enten fryse eller få haudeverk.

Så verkar det som det alltid er lyd og uro i klasseromet, sjølv om vi er stille.

Det er vanskeleg å spele musikk eller danse oppe, for då vert dei i første etasje uroa. Slik skal det ikkje vere på ein skule.

Men vi skal kanskje greie eit år til, viss vi veit at dette er siste året.