Osnes gravplass og departementet

Etter mi meining bør ein framtidig gravplass liggje på Eidet

Johan Ottesen
Meiningar

Ordførar og teknisk sjef har kome vonbrotne heim frå møte med fylkeskommunen. Fylket seier nei til utviding av gravplassen på Osnes. Kommunen vil no klage til departementet. Men kva har departementet sagt tidlegare i denne saka. Ei sak som har gått gjennom mange år.

Då fylket i samband med utarbeiding av eksisterande reguleringsplan sa nei til gravplass på Osnes, klaga Ulstein kommune til departement. Kommunen spanderte i 2002 tur til Oslo for ordførar Jan Berset. Og Berset vende heim frå departementet med ein «god magefølelse». No var vonene store for at departementet ville vere lydhøyre for kommunen sine argument.

I 2004 kom ein heil delegasjon, mellom anna også folk frå Miljøverndepartementet, på vitjing til Ulstein for å setje seg inn i saka. Her fekk det lokale etablissementet godt høve til å leggje fram sine synspunkt.

Men kva vart resultatet? Departementet sa i 2005 nei til utviding av gravplassen på Osnes, med eitt lite unntak. På grunn av at kommunen ikkje hadde sytt for å ha stort nok reserveareal til påkomande gravferder, fekk ein som eit akutt-tiltak løyve til ei utviding på 4 mål i staden for 18 mål som kommunen ville ha. Vidare kravde departementet at kommunen måtte finne ein annan stad enn Osnes for framtidig gravplass.

Og no vil kommunen klage til departementet fordi fylket held fast på det som departementet har vedteke tidlegare!

Etter at departementet bad kommunen om å finne andre stader for gravplass enn Osnes, vart det gjennom ei kommunal utgreiing peikt på desse alternativa: Holsekrane (30 mål), Hovsetmarka (50 mål), Eidet (250 mål), Hasund 1 (35 mål) og Hasund 2 (50 mål).

Det vart også utarbeidd ein reguleringsplan for gravplass i utmarka på Hovset. Men då kommunestyre skulle vedta planen, vart det halde ein tordnande tale mot gravplass der. Planen vart så forkasta, og kommunen har seinare sabotert påbodet frå departementet.

Mitt inntrykk er at kommunen legg opp til ein taktikk der ein vil ta bit for bit. Men arealet på Osnes vil ikkje vere stort nok til å dekkje behovet i framtida, og folketalet veks i Ulstein. Dermed må ein om ei tid sjå seg om etter andre alternativ. Kvifor ikkje starte prosessen med å finne ein alternativ gravplass med ein gong?

Etter mi meining bør ein framtidig gravplass liggje på Eidet i nærleiken av folkehøgskulen. Her er romsleg med areal, og det er udyrka jord. Ein gravplass her er lett tilgjengeleg frå heile kommunen via offentleg transport. Og folkehøgskulen, der det stundom blir arrangert minnesamvær etter gravferder, ligg like ved. Og kanskje blir Hareid og Ulstein ein kommune i fjern framtid?

Eit vern av fornminna på Osnes vil også føre til at dei opne jordbruksareala her blir verna, jamfør her dei siste signala frå Stortinget om jordvern. I fall det blir ei utviding av gravplassen, vil det også bli utviding av muren med store lauvtre og sitkagran som vender mot sjøen.

Same dag som kommunen var i møte med fylket om gravplass, heldt fylkeskommunen eit seminar om kulturlandskap. Mellom dei særprega områda som ein ville sjå nærare på, var Geirangerfjorden, Hjørundfjorden, Alnes og landskapet kring leia frå Flåvær til Flø, der strekninga frå Dimnaneset til Flø var inkludert. Eg veit ikkje om Ulstein kommune brydde seg med å sende representantar til det seminaret?

Det har i andre samanhengar vore snakk om kulturlandskapet frå Osnes til Flø. Grunnen til at mange likar å ta seg ein tur til Flø er nettopp for å nyte det opne landskapet og utsynet mot havet. Så kvifor ikkje satse vidare på eit ope kulturlandskap også på Osnes i staden for ein stor skogkledd gravplass?