Er det slik vi løftar lokalsamfunnet, Ivar Mork?

Liv Osnes Dalbakken reagerer på det ein lokalpolitikar skreiv i kommentarfeltet hos lokalavisa.
Meiningar

I Ulstein kommune har vi gjennom godt samarbeid mellom politikarar og frivillige organsisasjonar fått til eit variert og positivt tilbod for barn og unge. Eg blei derfor forundra over spørsmålet politikar og leiar i det kommunale kontrollutvalet, Ivar Mork, stiller i kommentarfeltet til nettutgåva av Vikebladet, 18. oktober.



Saka handlar om Ulstein tensing, og har overskrifta «Kan vinne pris for trusopplæring». Saka viser eit bilde av ein gjeng blide tensingarar. Vidare står det at «prisen går til kyrkjelydar, organisasjonar eller andre grupper som på ein særleg måte har fremja trusopplæring og kyrkjeleg undervisning.» Ulstein tensing er presentert som «eit kor for 13-19 åringar, der unge gjennom sang, drama, teknikk og film får utfalde seg kreativt i møte med kristne verdiar». Vinnaren av kr 50000 blir kåra 6. november.

Under denne saka står éin einaste kommentar i kommentarfeltet, og det er Ivar Mork som spør: «Pris for opplæring i overtru?» Ja, vi har heldigvis både trusfridom og ytringsfridom i landet vårt. Men bør ikkje ein lokalpolitikar heller gle seg over ein flott nominasjon til eit ungdomsarbeid som i ei årrekke har hatt som mål å dyrke fram kreativitet, samhald og livsmeistring, og som har vore eit lavterskeltilbod for alle, uansett tru? Bør ikkje ein lokalpolitikar vere raus nok til å heie på eit mangfald av tilbod for dei unge, sjølv om tilbodet ikkje heilt er i samsvar med eigne preferansar?


Eg vil minne Ivar Mork om hans eige partiprogram:
Ulstein Arbeidarparti vil prioritere oppvekstvilkåra til barn og unge legge til rette for at Ulstein er ein god kommune for alle sine innbyggarar vere ein modig pådrivar for å løfte og utvikle lokalsamfunnet, i lag med kommune, næringsliv og frivillige.


-Er ein sarkastisk kommentar til ungdommane sitt arbeid verkeleg vegen å gå?

Liv Osnes Dalbakken