Leiaren:

I år er det viktigare enn nokon gong tidlegare - ta julehandelen lokalt

"Du støttar ikkje lokale arbeidsplassar og eit levande sentrum ved å handle på nett." Det skriv redaktør Linda Eikrem i denne vekas leiar. Her frå Kjøpmannsgata på Hareid.  Foto: Linda Eikrem.

Meiningar

Arbeidsgjevarorganisasjonen Virke spår at kvar og ein av oss kjem til å bruke 11.760 kroner på årets julehandel. Prognosen viser også at vi som bur her i Noreg samla kjem til å handle for 57 milliardar kroner no i november og 63 milliardar i desember. Det vil i så fall vere ein auke på 10,5 prosent frå i fjor.