Here we go again

Renovering eller nytt bygg til Sundgotmarka barnehage har lenge vore eit tema på agendaen.   Foto: Linda Eikrem

Meiningar

Innlegget mitt kjem etter Formannskapsmøtet 1. juni. Eg er, nok ein gong, rimelig irritert.


Investeringsplan for dei neste 10 åra

– Dette er for ambisiøst

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) var klar på at investeringslysta i kommunen må ned. Han meiner dei må ta ein skikkeleg gjennomgang på kva som skal byggjast, dei kan ikkje gjennomføre alt på lista.


Innlegget mitt kunne ha handla om ei evt nedlegging av to krinsskular, men det gjer det ikkje. Det handlar om ei anna av mine hjertesaker. Det handlar om barna våre, og barnehagen vår. Den, inntil nylig, einaste kommunale barnehagen i Ulstein.



Saka om eit nytt bygg i Sundgotmarka barnehage har pågått i årevis, og eg har vore den som har kjempa hardast for dette. Fleire gongar, då eg trudde at vi hadde bestemt at NO kjem eit nytt barnehagebygg i Sundgotmarka, fekk eg i neste omgang ein kalddusj. Enten var det tilråding om påbygg/renovering av gamlebygget, eller så var det ei heilt anna plassering (ved Hasund skule), eller så var det at ein ny barnehage i sentrum skulle prioriterast fleire år før ein ny bhg i Hasund krins.



Eg har vore så irritert og skuffa. Og no er eg det igjen. For eit år sidan fekk vi for fyrste gong ein 10-års investeringsplan for Ulstein kommune. Kjempebra! Og det var skikkelig flott at barnehagen i Sundgotmarka låg inne på planen. Då burde vi vel vere 'trygge'? Planen med ein plan er vel at det er ein plan? Men, neida. På årets 10-årsplan for investeringar er den ute. Men sentrumsbarnehagen er inne. Og ei rehabilitering av gamledelen av Sundgotmarka bhg ligg inne allereie i 2022. 9 mill! Dersom kommuna velger å renovere gamlebygget for 9 mill, vil vi vel aldri få eit nytt bygg. Kven har bestemt det? Kven bestemmer i denne kommuna? Det er i alle fall ikkje dei folkevalde som har fått seie sitt i denne saka! Saka om lokalisering (evt nybygg/påbygg) skulle komme i fjor. Men då bestemte ordføraren at vi ikkje hadde råd til å bygge ny barnehage, og derfor fekk vi ikkje saka! Er det han aleine som bestemmer det? Dersom Kommunestyret ville gå for den konklusjonen er det ei ærlig sak, som kvar av oss 25 medlemmane må bestemme oss for, og stå for. Men no har vi ikkje fått valget eingong. Eg er så oppgitt. Skal det vere slik?





Saka som ligg ute no, og skal til Kommunestyret 17. juni, er noko uklar, då det ikkje står så mykje i teksten om kva som er ute eller inne frå sist, det einaste er ein noko uoversiktelig tabell. Mitt forslag om å bytte om på barnehage-prioriteringane, dvs ut med sentrumsbarnehagen - inn med Sundgotmarka, vart nedstemt, eg fekk berre støtte frå Krf og 1 representant frå Frp. Eg meiner at NO er det Sundgotmarka sin tur, i alle fall i løpet av dei neste 10 åra! Fleire av mine folkevald-kollegaer vert sinte når eg dreg sentrum-krins-kortet. Ok, det får berre vere. Dette er faktisk ein sentrum-krins-debatt. Kva anna?



Ville 'sentrum' ha funne seg i å ha ein barnehage/kommunalt formålsbygg som er i så dårlig stand som gamlebygget i Sundgotmarka? Eller ville dei ha funne seg i at borna er delt på to lokalitetar? Ville dei ha funne seg i at uteområda er så mangelfulle og dårlige? Ville dei ha funne seg i å heile tida verte nedprioritert? Eg tvilar faktisk. Vi har eit ansvar for borna som går i denne kommunale barnehagen også, no får vi faktisk vise kva vi meiner, og eg er sikker på at eg ikkje er aleine om å meine dette i Kommunestyret! Eg VEIT i alle fall at eg ikkje er aleine om å meine det i Ulstein kommune! Takk for meg, eg nektar å gi meg!

Lisa Mari B. Anderson

Ulstein Senterparti




Hasund krins blir prioritert først til bygging av ny kommunal barnehage:

– Eit fornuftig vedtak

Kommunestyret gjekk torsdag inn for å prioritere ein ny kommunal barnehage i Hasund krins, før ein ny i Ulsteinvik. Det meiner både Senterparti-politikar Lisa Mari Breivik Anderson og styraren for Sundgotmarka barnehage er særs gledeleg.



Barnehageplan 2018-2024:

– Kjempebra vedtak

Ulstein formannskap slutta samrøystes opp om at kommunen bør byggje barnehage i Hasund før sentrum.