Lesarinnlegg om diskriminering av kvinner som er prestar:

Skaden er allereie skjedd

Prestar i Den norske Kyrkja forvaltar tenesta si på vegne av felleskapen med ordningar og rammer som skal skape tillit og tryggleik. Prestar har ulike standpunkt, men kan ikkje diskriminere.

Ut mot diskriminering: Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein, inviterer Mygland til å gjere alterteneste i lag.   Foto: Linda Eikrem/Arkiv.

Meiningar

Eit samla bispemøte presiserte i fjor at menn ikkje kan nekte samarbeid med kollegaer som er kvinner. Vel vitande om retningsliner og føresetnader for tenesta, uttaler prest Vidar Nes Mygland til Smp fredag (ekstern lenkje) at han vil nekte gudstenestefellesskap med prestar som er kvinner, og i Ørskog blad at han «ikkje har noko til overs» for kvinnelege kollegaer. Med eit langt studie i forvalting av ord, er det underleg om ikkje Mygland veit kva han gjer. Namnet hans er å finne i likande pressesaker.

I år fekk Møre bispedøme nedslåande resultat knytt til kvinner som er prestar sitt arbeidsmiljø, som konstaterte at det framleis ikkje er trygt for kvinner å vere prest. Altfor mange vert utsett for devaluering, forskjellsbehandling, og diskriminering i form av krenkingar. Dynamikken til diskriminering legitimerer å snakke ned, skamme og attpåtil bruke vald. For diskriminering er strukturell vald som skader sine ofre og gjer dei tause, medan den som diskriminerer ofte tek offerposisjonen. Når Mygland med sin konflikthistorikk til kvinners presteteneste får arbeid i Møre, er det nærliggande å spør etter kva undersøkinga betyr for vår arbeidsgjevar. Kva har dei høyrt, kva vil dei gjere slik at det blir trygt å vere kvinne i Møre? Vi får ha tillit til at ønsket om aktiv diskriminering vert møtt med gjeldande nasjonale regelverk med etterfølgande umiddelbare konsekvensar.

Skaden er allereie skjedd. Hendinga rammer kvinner som er prestar, kyrkjelydane, våre mannlege kollegaer, renommeet til folkekyrkja, ja attpåtil evangeliet sjølv. Det rammer våre kollegaer som er imot kvinners presteteneste, men som aldri let teologiske overtyding munne ut i diskriminerande praksis. Det rammer tryggleiken som folkekyrkja sine medlemmar skal ha når dei kjem til kyrkja med sine liv. Vår tillit som prestar står på prøve i kvart menneskemøte, og eg håpar at folk opplever å bli møtt med respekt og likeverd av den lokale kyrkja. Så har kyrkjeleiinga mykje å rydde opp, noko vi forventar dei gjer.

Mygland har fridom til å tenke slik han vil, men som luthersk teolog og fortrudd forvaltar av Ord og sakrament tener han ei kyrkje som lærer at Gud let nåden verke i sakramenta om «det så var Fanden sjølv som forretta dei» (sitat Martin Luther). Kva kvinner gjer slik at ein må sette diskriminering som føresetnad for Guds nåde og kjærleik, bør ålmenta snart få vite. Han er fri til å tene ved å respektere rammeverket for prestetenesta, og eg inviterer til å gjere alterteneste i lag. Slik kan vi saman gjere det vi er kalla til: stå i forsoninga si teneste, dele Guds vilkårslaus kjærleik og vise at einskapen i kyrkja ikkje er forankra i menneskes standpunkt, men i Kristus sjølv.