MOT og Vikebladet Vestposten har hatt ein konkurranse der elevane ved Ulstein ungdomsskule vart inviterte til å lage eit oppslag om det å glede andre. Dette er eitt av bidraga.

Beskrivelsen av glede er at “kroppen din føler seg romsleg, varm, klar, lett, og gjerne litt boblende på innsiden. Folk beskrive kroppens tilstand som energi som kjem i brystet og går utover i resten av kroppen. Gleden er en individuell opplevelse og hva som føles som glede for en person, er ikke nødvendigvis glede for andre,” Wikipedia. Vi kan alle kjenne igjen denne følelsen.

Nokre dagar er vi meir glade enn andre. Det som er viktig for å vere glad når ein går på ungdomsskulen, er å vite at ein har nokon som bryr seg. Det er derfor viktig at vi fokuserer på enkle ting som å seie “hei” eller spørje andre korleis det går. Det er viktig å til dømes unne andre å ha det bra, og ikkje berre vere oppteken av seg sjølv.

Det kan av og til vere vanskeleg i ungdomsåra, men det er slik alle blir sterke i seg sjølve og kjenner gleda av å vere til.

Treng alle glede?

Glede er noko som alle treng, og det som gleder meg mest er venner og familie. Venner som du kan stole på, familie du har minner med, men det er viktig å ikkje bli så fokusert på det man ikkje har, at man gløymer å sette pris på det man faktisk har. Glede kan vere alt fra ein sport du interesserer deg for eller eit dyr du likar, til eit smil eller eit hei.

Å glede andre kan glede deg sjølv.

Det er mange ting som kan glede folk. Glede kan vere kva som helst, men det er mest ein følelse. Du kan få gleda av kva som helst egt, enten det er ein sport eller eit dyr det kan til og med vere en person eller egt ka som helst. Glede er en følelse som alle burde føle på. Glede for meg er mange ting. Det er blant anna fotball og familie. Gleda du får av blant anna fotball kan vere når du er ein del av eit lag, og den følelsen er veldig bra. Du går på bana og du veit du har eit team som støttar deg, og selvfølgeleg kjem den beste gleda når dokke scorar mål og sjølvsagt vinner. Glede er noko som kan forandre dagen til nokon om dei har hatt ein dårlig dag. Til dømes å inkludere nokon som kjenner seg aleine. Tilhøyrsle får dei til å smile og føle seg spesielle - ekte glede.

Kva kan gjere oss glad?

Det som gleder meg er å vere med venner når vi finner på gøye ting. Familien min har også mykje å seie for min glede. Dei har vore med meg heilt siden første dag.

Noko anna som har mykje å seie for mi glede er mine beste venner. Dei som kjenner meg og som eg er trygg på. Fotball har også mykje å seie for mi glede. Nå du til dømes gjer ei god takling og får skryt, eller når du scorer. Man får også ei glede når man går ut i skogen og får frisk luft i ansiktet. Man får ein energi som er gjer livet lettare.

Alle burde ha ein dag der man føler seg fri og kan slappe av. Glede er når du klarer å få et smil i ansiktet og det ikkje vil gå bort. Sommerfuglane i kroppen du får når det er noko du venter lenge på å sitter i spenning. Gleden du kjenner når du ser nokon du ikkje har sett på lenge. Du springer og klemmar personen det hardaste du har gjort på lenge. Du kan også få en spesiell glede vist du liker en person og han/hun kanskje liker deg tilbake. Da får du lyst å hoppe rundt som en kenguru og hyle som berre det.

Eller når du merker at du har fått deg en ny venn og du føler dokke passer godt ilag.

Når du blir spurt om å finne på noko når du kjeder deg, har også noko å seie for glede. Du kan føle deg sett og ønska. Det er ikkje ein god følelse viss du er heime og kjeder deg, og du legger merke til at dei du henger med til vanleg er i lag utan å ha spurt deg. Då føler du deg ikkje so sett lenger og kanskje litt einsam.

Du får også ei spesiell glede i jula. En fin juledag hadde vore: Stikke ut og ake med vennar, etter det, fare inn og lage kakao med marshmallows og sjå på julefilm. Da får man juleglede. Når eg er ferdig å trene og føler eg har gjort ein god jobb får eg også en glede som gjør meg sterk. God karakter på skulen kan også gi glede. Ta det med heim.

For å glede nokon er det viktig å faktisk meiner det du gjer. Slik at dei føler at du faktisk er glad i dei. Glede kjem av folk, når du er med folk får du glede. Når folk inkluderer deg så føler du deg glad. Einaste verkelege gleda vi har er av andre mennesker. Det er ein terapi å få glede, det kan hjelpe fysisk og psykisk. Når eg tenker på kva som gleda meg mest av alt so er det når folk gir meg oppmerksomheit og er hyggeleg og ikkje baksnakkar meg og berre smilar når dei ser meg.

Det som gleder mange mest her i livet er vennar og familie. Det er viktige personar i liva våre, og dei som trøster oss når vi er triste. Det er dei som er der for oss når vi treng dei. Glede er ein følelse du får når nokon gjer noko hyggeleg eller når du er hyggeleg mot andre.