Vi er om lag 50 år no, men lysta til å reise har ikkje blitt svekka. Vi reiser ikkje som etnografar, men som turistar sjølv om det i blikket vi gir omgjevnadane er ei blanding av desse tinga. Vi reiser som oss sjølve, blir irriterte over kaoset i pass- og visumkontrollen, og frustrerte over lidinga og fattigdomen i byane og på landsbygda. Like etter nyt vi den afrikanske sola og den svale vinden frå resorten ved det indiske hav. Vi ser fiskarane og fiskardamene som samlar seg på grunnen for å sanke mat når tidvatnet er lågt. Seinare ser vi kvinner vandre langs landevegen, opplasta med tunge vasstankar. Afrika smaker, lukter og ser annleis ut enn vår eiga verd. Rommet vårt har larver i murveggen, men slikt blir etter kvart mindre betydningsfullt.

Denne gongen skal vi reise over 2300 kilometer frå det indiske hav til Lusaka i Zambia 1000 meter over havet i ein buss bygd for slike «Overlandsturar». Vi starta i Lumumbagata i Dar es Salaam, kalla opp etter den karismatiske statsministeren i Kongo, Patrice Lumumba, som blei drepen av kongolesiske og belgiske sikkerheitsstyrkar og CIA i 1960. Like etter blei Mobutu president, vi veit korleis det gjekk. Då han døydde i 1997 var landet hans eit av verdas fattigaste, mens han sjølv var ein av verdas rikaste. Dar es Salaam er den gamle hovudstaden i Tanzania, ein travel handelsstad bygget av sultan Majid bin Said av Zanzibar på midten av 1800 talet, og har i dag over 4 millionar innbyggarar.

Den robuste bussen til Nomad hadde 17 passasjerar, pluss ein kokk og ein sjåfør. Snittalderen var nok rundt 35 år, men den eldste var over 70. Bussen stoppa for overnatting på enkle hytter, lunsj og bushtoalett, og når vi køyrde igjennom marknadsplassar, utkikkspunkt, eller måtte gjere innkjøp. Turen går frå den milde kysten, til heite og fuktige daler mot Malawigrensa langs elva Ruaha, opp gjennom «baobabdalen» med sine karakteristiske tre. Den afrikanske landsbygda er enorm, straks vi har forlate byens hissige og kaotiske strukturar ser vi endelause savannar med raud sand, spreidde stråhytter, små murhus som nokre gongar samlar seg i små landsbyar.

Afrika er det radikale andre, og står i dunkel kontrast til det ordna livet i vesten. Fyrsteinntrykket blir prega av det spektakulære kaoset, av støy og på landsbygda og i slummen av livsførsel på eit eksistensminimum. Hungersnaud og mangel på vatn kjem i tillegg til plagene med sjukdom, bakteriar, insekt og rovdyr. I kolonifilosofien til Joseph Conrad er det inste Afrika Mørkets hjarte, åstad for fleire av 1900 talets mest dramatiske hendingar. 1800 talet og første halvdel av 1900 talet var koloniprosjektas hundreår. I siste delen av 1900-talet frå rundt 1960 byrjar frigjeringsprosjekta. Styringa skulle takast over av afrikanarane sjølve. Resultatet var ofte at ein gjekk tilbake til logikken som dominerte i dei stammesamfunna koloniprosjekta prøvde å fjerne. Samtidig blei postkolonialismen i sterk grad prega av den kalde krigen då det blei viktigare for USA og Sovjet å ha ein alliert krigar enn ein samfunnsbyggar i leiinga til allierte afrikanske land.

Dei kvite frå opplysningsverda tok fatt på koloniprosjekta med siktemål om å sivilisere barbaren. Samtidig var det i Cecil Rhodes sine utgravingsprosjekt frå slutten av 1800-talet klare utbyttingstendenser. Hans imperiale prosjekt inkluderte bygginga av ei jernbane gjennom heile Afrika for å betre infrastrukturen for handel, men også for enklare tilgang til rikdomen. Koloniprosjekta er dermed noko meir enn draumen om opplysning. Den er sentral i rikdsomsanskaffelse gjennom uthenting av naturrikdomar og deretter kaldkrigspolitikk. Det som byrjar med misjonering og ein viss rasjonalitet døyr ut, men får ny kraft gjennom «utvikling» og bistand.

Etter to timar i passovergangen ved Songweelva køyrer vi inni det folksame, men relativt vesle landet Malawi. Vi slår leir ved den praktfulle oasen Malawisjøen og vitjar ein skule, eit prosjekt for kvinnefrigjering, og eit sjukehus. Desse er med i eit av dei mange utviklingsprosjekta som går føre seg i Afrika. To viktige personar i Malawis historie er den kjende og eksotiske legen, oppdagaren og misjonæren David Livingstone og den litt mindre kjende, men ikkje mindre eksentriske Hastings Banda. Livingstone ville ha slutt på slavehandelen, og fekk britiske handelskompani til å kome til landet.

Ein dag gjekk nokre av oss frå bussteamet i 8.5 timar i steikande sol til fjellandsbyen Livingstonia på 1300 meters høgde. Her oppretta Livingstone ein misjonsstasjon. Byen ser ut som ein engelsk landsby med klokketårn og små mursteinsbygningar. Det finst også eit universitet og eit sjukehus på toppen. På vegen opp ser vi sterke damer og lettbeinte gutar som skal vitje nokon eller frakte varer frå landsbyen ved Malawisjøen til Livingstonia i høgda.

Hastings Banda var doktoren som blei sentral i frigjeringa av Malawi frå det britiske protektoratet. Han var medisinsk doktor med mange års praksis i England, men også tradisjonell afrikansk doktor. Det er ein tendens hos fleire av diktatorane i dei frie statane, at dei legitimerer seg på fleire plan, og har ein enorm appell hos den tradisjonstru befolkninga, men også hos kolonikmakten. Mugabe har fleire doktorgrader. Bokassa, Idi Amin og Mobutu var viktige og honorerte krigarar på kolonimaktenes side. Banda, som var kjent for å reise rundt i dress og flosshatt på valmøta han heldt for sine spartansk kledde medborgarar, bygde vegar og utvikla næringsverksemda i Malawi, men slo også ned all politisk motstand med hard hand.

Vi ender turen etter 11 dagar langs landevegen, i Lusaka i Zambia. Ein strukturert og ryddig by meint til å vekse.

Afrika er fascinerande men også frustrerande. Dei små glade borna vi møter på skulen i Malawi har diverre eit tungt liv framføre seg. Men utviklingsprosjektet verka å få ned både talet på malaridødsfall, og dei hadde starta eit omfattande opplysningsprosjekt for beskyttelse mot AIDS. Kanskje er det lys der framme i det fjerne.