Så var vi der igjen. Det er januar og oppkøyringa til ein ny fotballsesong er allereie godt i gang, trass at banene på Høddvoll passar betre for ski enn fotball i skrivande stund.

Likevel er nok det betre enn for ei veke eller to sidan, då stadionanlegget, som vart tatt i bruk i 2015, såg meir ut som ei dårleg halde ved like skøytebane.

Då kunne ein frykte både den eine og andre typen skadar, men ikkje av dei ein vanlegvis reknar med på ei fotballbane. Truleg var vegen frå garderoben til fotballhallen farlegare enn kva som helst slags møte med ein middels, norsk midtstoppar ein kan treffe i løpet av sesongen.

Det blir sagt at norsk fotball har verdas lengste oppkøyring. Det kan godt stemme. Det er i alle fall lenge til det skal spelast kampar som faktisk betyr noko. Du rekk å kvile av deg ein strekk eller to før serien tek til i april.

Ei ny oppkøyring er også spanande for oss som jobbar ein del med sport. Det er alltid mykje nytt.

Nokre spelarar forsvinn, nokre nye kjem inn. Nokre får kanskje nye roller og kanskje dukkar det opp ein lovande rekrutt, med håp om at i år er året der han skal få sitt gjennombrot.

Ikkje minst blir det mykje nytt dersom det har vore trenarskifte. Då er også ideane nye, tankegodset annleis og det er mykje å sette seg inn i.

Desse periodane er ekstra spanande. Kva blir det fokusert på? Kva skal endrast? Kven får sjansen? Kven tek vare på sjansane?

2024 har starta med «opp, opp, opp» på Høddvoll. Fotballen skal spelast litt annleis enn den vart i fjor, men målet er uansett det same. Score fleire mål enn dei du spelar mot.

Det heiter at alle vegar fører til Rom. Slik er det også i fotballen, der alle trenarar har sine måtar å gjere ting på, sine prinsipp og sine ønskjer for korleis fotballen skal spelast.

I år er det framoverfotball som er oppskrifta på Høddvoll. Det er det nok ein del med Hødd-briller som nikkar anerkjennande til.

Det er det nok også mange som gjer når dei høyrer at Hødd-spelarane skal vere som «kvefs rundt eit syltetøyglas» når dei skal vinne tilbake ballen.

Med tanke på kvar Hødd sin nye trenar kjem frå, så reknar eg nesten med det er snakk om Lerum-sylte.

Medan andre lag legg både ein og to turar til varmare strok i løpet av oppkøyringa, blir nok neppe det aktuelt for dei Hødd-blå etter nedrykket i fjor.

Dermed må ein spørje vêrgudane pent om ikkje dei kan la snøgrensa krype litt høgare enn til Høddvoll, i tillegg til å setje sin lit til både ivrige og dyktige medhjelparar med traktor og brøyteskjer.

For sjølv om det er praktisk å kunne krype inn i «fryseboksen» Ulsmohallen når snøen lavar ned, så fungerer fotballen best på full bane.

Slik sett kan ein håpe at Hødd sin nye trenar er heldigare med vêret enn det Hødd var i fjor.

Så står det att å sjå kor mykje saft det er i Hødd-beina når oppkøyringa ein gong er over, etter påske, eller der omkring.