Det er med ei kjensle av varme og glede eg sender dykk denne julehelsinga før vi senker skuldrene, samlar våre kjære rundt oss og reflekterer over det som verkeleg betyr noko i livet.

I heimen vår tek vi imot jula med opne armar. Sjølv om det er hektisk, vert stova gradvis fylt med juleglede og varme.

Julepynten har funne vegen ned frå loftet akkurat i tide til at folk kjem heim til juleferie, og då står berre juletreet og julematen att.

Til og med på Brandal kom der eit kvitt snødryss ute, men etter meldingane ligg han nok ikkje lenge før han reiser att. Eg sender ei stille takk til brøytemannskapet kvar gong eg ser dei kjem utover i gryotta.

I kommunen er det stillare i gangane og det er vel forhåpentlegvis julestria heller enn innstrammingane i neste års budsjett som er årsaka. Det er mindre ressursar og tøffe tider for mange både i det private hushaldet, i bedriftene og i kommunal sektor. Høg rente og auka pris på det meste gjer at dei aller fleste merkar at dei har mindre å rutte med.

Jula og årsskiftet er ei tid for å senke skuldrene, for å gje og dele, for å vise omtanke for dei rundt oss. Eg veit at vi ikkje alltid kan luke bort alle utfordringane, men då får vi nytte desse stundene til trøyst og glede i det at vi har eit lokalt fellesskap som fungerer. Hald kontakt med familie og vener. Det skal ikkje meir enn ei melding til for å lyse opp dagen for nokon.

Vi er kjempeheldige i vårt land der det sosiale tryggleiksnettet saman med frivillig innsats og gåver gjer at svært få går svoltne til bords julekvelden.

Tankane mine går også ut i verda til dei som no er offer for krig slik som i Ukraina, i Midtausten og i altfor mange andre stader. Vi har heldigvis eit liberalt demokrati som fungerer slik at folk både får hjelp og at vi har rett til å ytre oss om urett. Vi lever i eit land der vi har moglegheiter og ressursar som mange berre kan drøyme om. La oss ikkje gløyme kor heldige vi er, sjølv i møte med utfordringar.

Sjølv om jula har vorte ein fest av pynt, lys og overflot av gåver for mange, la oss også leite fram gøymde band og omtanke for kvarandre. Dette knyter oss saman. Julekonsertar, skuleavslutningar, julefestar og andre arrangement er høgdepunkt til å møtest og skape minner – og slikt samband får vere ei rettesnor for året som kjem. La oss utvikle fellesskap, inkludering og samspel. Då er vi rusta til å møte utfordringar både i arbeidslivet og privat, både her heime og ute i verda. Styrke gjennom samhald gjev livet verdi.

Eg ynskjer dykk alle ei retteleg god og fredfull jul og eit godt nytt år.

Bernt Brandal

Ordførar i Hareid