Ei undersøkjing gjennomført hos PostNord syner at nordmenn kjem til å nytte bortimot fem milliardar kroner på netthandel. Dermed er vi nordmenn dei som nyttar mest pengar på netthandel før jul av alle i heile Norden.

Mange tykkjer det er sutalaust å handle på nettet, men samstundes kan netthandelen vere ei utfordring for dei lokale forretningane som mister kundar og omsetnad.

Korleis er det med deg, handlar du på nettet til jul? Klikk deg inn på vekespørsmålet og svar!

Hareid, Ulstein og Sula?

For nær ein mannsalder sidan - det er i alle fall ei god stund - la vi ut ei undersøkjing vedrørande kva framtidig kommunestruktur folk var mest gira på. Konstellasjonen Hareid - Ulstein segla nokså raskt opp som ein klar favoritt, men i løpet av tida undersøkjinga har lagt ute på nettsida vår, har ting endra seg.

Underdogen - ein trio beståande av Hareid, Ulstein og Sula - har segla opp på første plass, med rundt 40 prosent av stemmene, medan "Hareid - Ulstein" enda på ynkelege 16 prosent. Dette er færre enn "Hareid, Ulstein, Herøy Sande" som fekk 18 prosent. Ein storkommune beståande av alle kommunane på Søre Sunnmøre fekk sju prosent. Ikkje eit vondt ord om idéen om å la Hareid Ulstein og Sula gå opp i ei høgare eining, men et eller anna tyder på at vi har blitt offer for ein aldri så liten spøkefull kampanje. Ikkje minst er talet på svar overraskande høgt, 3456.

19 prosent var forresten imot kommunesamanslåing.