I oktober var Ela, Elias og Hege i Nairobi og Mombasa og fekk sjå med eigne auge det UVS, i samarbeid med dei vidaregåande skulane i Herøy, Borgund, Haram og Spjelkavik, har vore med på å bygge opp dei siste åra gjennom organisasjonen NSP-aid.

Skulebygget i fjor under bygging Foto: Privat

I fjor var skuleområdet på Malaika Villages Kiserian i Nairobi ein byggeplass, i år stod skulebygget klart, og klasseromet «Ulstein» var i full bruk til undervisning.

Her er Ela og Elias i klasseromet «Ulstein» som no er i full bruk Foto: Privat

Sunnmøre home 2 stod no ferdig og var innflytta, med åtte barn og ei «mother» (husmor) som ga dei omsorg og oppfølging kvar dag. Vi fekk også sjå tomta der det skal byggast ein ny heim til åtte barn. Pengane som kjem inn på solidaritetsdagen skal gå til dette.

Elias og ei «mother» (husmor) utanfor Sunnmøre home 2 Foto: Privat

Heimebesøka og historiene til ulike familier i slummane i Nairobi ga veldig sterke inntrykk. Her kjem dei i frå mange av dei barna som får hjelp gjennom organisasjonen NSP-aid og det UVS bidrar med.  Pengane elevane på UVS får inn på den årlege solidaritetsdagen er med på å gi nokre av desse barna moglegheit til skulegang og omsorg.

Elevane frå sunnmøre utanfor Sunnmøre home 1. Årets innsamla pengar skal gå til å bygge ein ny heim Foto: Privat

I Nairobi fekk Ela også møte fadderbarnet sitt, Justine, og mora hans. Nokre dagar etter vi var komne heim fekk vi den triste meldinga om at den 9 år gamle guten var død. Han hadde blitt sjuk, men døde før han fekk tatt den nødvendige operasjonen han trengde, då mor ikkje hadde pengar nok til å betale med ein gong. At noko slikt kan skje er for oss som bur i Norge heilt uforståeleg.

Ela fekk møte fadderbarnet sitt Justin. Ei lita veke etter vi kom heim fekk vi den triste meldinga om at den ni år gamle guten var død Foto: Privat

Det varmar å sjå gleda ungane (og dei vaksne) viser ved at vi bryr oss, og å oppleve takknemlegheita deira for å få hjelp, til skulegang og omsorg. På Malaika Villages Faraja utanfor Mombasa, fekk vi møte Samuel, eit av dei barna som frå han var liten har fått hjelp gjennom NSP-aid, og som i dag er helsefagarbeidar. Han fortalde litt av historia si, og om kva hjelpa han har fått har betydd for han.

Samuel si historie er eit godt døme på at det nyttar å hjelpe. Til høgre reiseleiar Per Gunnar Hamnøy frå NSP-aid. Foto: Privat

«Nauda er stor, og vi makter ikkje å hjelpe alle. Samtidig ser vi at det er mogleg å hjelpe nokon» (nsp-aid). Fulle av inntrykk, på godt og vondt, og med minner for livet, har vi prøvd gjennom forteljingar, film og bilder å få fram bodskapen til elevane på UVS,-at det dei er med på, det nyttar!

Ela, Elias og Hege, elevar og lærar ved Ulstein vidaregaånde skule

Vi fekk oppleve mykje song, musikk og dans framført av ungane vi møtte. Korpset, med uniformer frå Ørskog skulekorps, hadde øvd mykje før vi kom Foto: Privat
Kan vi ta bilder slik du hugsar meg? Foto: Privat