Kommentar:

Ferietid

Flø: Dei fleste born ynskjer mest av alt at foreldra skal ha tid til å vere i lag med dei. Då kan ein kome langt med ein telttur til Flø eller ei oppdagingsferd på Kvitneset. 

Kommentar

Det er juli og ferietid. Mange av oss er ute på reise i desse dagar. Som småbarnsmor har eg i fleire år vore medviten om at eg snakkar om å reise på tur og ikkje på ferie. Det å reise på tur med småborn minner lite om ferie etter mi meining. Kva ord ein brukar er med på å forme kva forventningar ein har, og kan skape både stor fallhøgde og suksess. Med alle borna i skulealder, trur eg at det no nærmar seg at eg kan snakke om å reise på ferie igjen, utan å bli skuffa.