Det finst alltid ein utveg

kommentar

Alltid ein utveg: Maud Angelica Behn gjorde eit sterkt inntrykk då ho heldt minnetalen over far sin. Skjermdump frå NRK 

Kommentar

Første juledag kom den triste meldinga om at Ari Behn hadde tatt sitt eige liv. Gjennom heile romjula og dagane etter nyttår har denne saka fått stor merksemd i mange nyhendesendingar, aviser og sosiale media. Familien var frå første stund opne om at dette var eit sjølvmord. Fleire fagfolk peikar på at denne openheita er ein ny måte å behandle eit slikt vanskeleg tema i det offentlege rom, og at det kan vere med på å gjere det lettare å snakke om og også søkje hjelp før det er for seint. Andre røyster har uttrykt uro over at dette fekk så stor merksemd og var redde for smitteeffekten som ein veit kan oppstå i samband med sjølvmord.