Den skarpaste kniven

Kroppen: Dette er alle innspela som klassen skreiv inn i løpet av timen om metaforer om kroppen.  Foto: Privat.

Kommentar

«Eg veit ein metafor som passar godt til deg!» Eleven vinka meg ivrig ned til pulten. Det var friminutt, og vi hadde hatt ein undervisningstime om språklege bilde. Klassen hadde bidratt godt med mange artige døme på metaforar som vi bevisst eller ubevisst brukar i daglegspråket vårt. No hadde han altså funne ein som karakteriserte læraren. Eg var spent. «Du veit det, Liv, at du er jo ikkje den skarpaste kniven i skuffa, er ikkje det ein metafor?»