Å feire påske kan vere så mangt

Tre-fire enkle spørsmål om påska, i motsett rekkefylgje.

Påsketradisjon: Påsketradisjonar kan vere så mangt. I Ungarn tømer dei til dømes bøtter med vatn over unge kvinner. Foto: Opusztaszer CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons 

Kommentar

Når?

I motsetning til andre høgtider som har sine faste kvadrat i kalenderen, så er påska noko heilt spesielt. Jul og jonsok har ein årviss dato, 17. mai hamnar alltid – dessverre – dagen deretter den 16., og kongen har bursdag same dato kvart år – i beste fall nokre gongar til. Men påska, den er litt meir rastlaus og ubestemmeleg. Ein eller annan gong mellom jul og vinterferien, medan alt er på det mørkaste melder spørsmålet seg: Når fell påska i år?