Kvifor blir det aldri rekruttert nok fosterforeldre her i landet?

forbilde: Arne (77) og Hilde (73) har fire døtrer. På 90-talet var dei også fosterforeldre til ein gut. – Vi gav han aldri opp og det gav resultat, seier dei to. Foto: Linda EIkrem  Foto: Linda Eikrem

Leiar

Det er stadig eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Dei siste atten åra er talet på born i fosterheimar nesten dobla. På Hareidlandet er det 28 slike heimar, fordelt på femten i Hareid og tretten i Ulstein. Desse heimane tek imot born som av ein eller annan grunn ikkje kan bu hos si biologiske familie. Opphaldet kan vare i veker, månader og år.

I dagens avis får du møte ein familie i Hareid som i to generasjonar har hatt fosterborn. «Dei kryp veldig raskt inn i hjartet ditt», seier Hilde Emdal om desse borna som treng ein heim og ei familie. Ho og ektemannen Arne vart fosterforeldre på 90-talet. No er også to av døtrene deira fosterforeldre. «Du må ha empati, kjærleik, tolmod og omsorg», seier dei om oppgåva som fosterforeldre.

Barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, skal den komande veka prøve å rekruttere endå fleire fosterforeldre i vårt område. Bufetat fortel at dei berre i Midt-Noreg, altså Møre og Romsdal og Trøndelag, treng to hundre nye fosterheimar kvart einaste år. Det er etaten som kursar og godkjenner fosterforeldre. Rekrutteringsansvarleg i avdelinga i Ålesund fortel at dei som melder seg på kursa, veldig ofte har tenkt lenge på å bli fosterforeldre. Ei slik oppgåve er såleis ikkje resultat av ei impulshandling.

Dei som er fosterforeldre fortel at det handlar om opne heimen og hjartet sitt for eit eller fleire born. Å vere fosterforeldre er ressurskrevjande og ofte tøft. Dei som tek på seg dette oppdraget fortener all mogleg honnør.

Onsdag er det informasjonsmøte på biblioteket i Ulsteinvik. Dit bør mange finne vegen.




Treng fleire fosterheimar:

– Bør ha tid og overskot