Treng all støtte dei kan få også i tida framover

Dei fem søskena har fått berre positive reaksjonar på at dei valde å fortelje historiene sine i Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten.  Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Leiar

Det har gått ei veke sidan vi i samarbeid med Sunnmørsposten trykte historia om dei fem Øvrelid-søskena. I dagane som har gått har mange tusen menneske lese om ein barndom og oppvekst prega av mishandling.

Søskena, som frykta negative kommentarar, fortel om berre positive tilbakemeldingar.

Det handlar om vår nære fortid, og spørsmålet om sakene er forelda, står sentralt. Det kan vere vanskeleg å oppdrive dokumentasjon på det som skjedde og mange sentrale vitne er døde.

Dei to saksøkte kommunane har valt ulike måtar å reagere på. Begge kommunane meiner at saka er forelda. Hareid kommune meiner kommunen gjorde det den kunne, og vil heller ikkje mekle med søskena. Ulstein kommune vil vere med på mekling for å prøve å kome fram til eit forlik. «Eg har stor forståing for at oppveksten til syskenflokken har vore både krevjande og vanskeleg, og det har vore hjarteskjerande å høyre historia deira», seier Ulsteinordføraren.

Spørsmålet er om det er mogleg å setje ein prislapp på ein øydelagd barndom og oppvekst. Kanskje handlar det mest om å bli trudd, kunne legge vekk skamma, kunne gå vidare i livet.

I denne artikkelen fortel professor i erstatningsrett, Bjarte Askeland, at han aldri har høyrt om liknande saker her i landet. Han trur Øvrelid-saka kan utfordre etablerte reglar i det norske rettssystemet.

Dei fem søskena har fått berre positive reaksjonar på at dei valde å fortelje historiene sine i Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten. Heldigvis. Dei treng all støtte dei kan få også i tida framover.