Frekvensendring

Vil frigi ressursar: Frå 21. mai vil Vikebladet Vestposten kome ut to gonger i veka. - Sjølv om utgåvene vert færre vil det totale avisproduktet verte betre, meiner redaktør og dagleg leiar Linda Eikrem, omgitt f.v. av medarbeidarane Ingvild Aursøy Måseide, Andreas Bjerknes, Rose Mari Dragsund Bjørnerem, Kristin Linge og Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Jorulf Myrene 

Leiar

Leiar: Frekvensendring. Ordet har svirra i lokala til Vikebladet Vestposten ei god stund. Å gå frå tre til to aviser i veka har vore diskutert både i staben og i styret. Og denne veka fekk lesarar og annonsørar vite det: frå slutten av mai kjem lokalavisa i papir på tysdagar og fredagar.


Vikebladet Vestposten går frå tre til to utgåver i veka

Ønskjer å bli fyldigare på papir og kjappare på nett

 

Vi gjer dette med djup respekt for den sterke posisjonen Vikebladet Vestposten har på Hareidlandet. Vikebladet har levert lokale nyheiter i nitti år. Vestposten vart starta i 1973, i 1989 vart dei to avisene slått saman. Å drive lokalavis har vore og er framleis eit samspel mellom lesarar, annonsørar og oss som jobbar i avisa.

Det handlar om folk sine medievanar, som har endra seg mykje dei siste åra. Svært mange av lesarane våre ventar å få siste nytt på vikebladet.no, dei finn seg ikkje i å måtte vente 2–3 dagar på papiravisa for å få vite at Eiksundtunnelen har vore stengd eller at Hødd har fått ny trenar. Vi må vere klare til å levere nyheiter på nett heile døgnet, året rundt. Til no har sytti prosent av abonnentane våre registrert seg digitalt. I konsernet vi er ein del av, Polaris Media Nordvestlandet, er det berre Sunnmørsposten som har eit høgare tal.

Samstundes veit vi at avisa har mange abonnentar som ikkje er digitale, at mange er avhengige av papiravisa for å få informasjon. Difor skal ikkje ei frekvensendring føre til mindre redaksjonelt innhald. Målet vårt er levere minst like mykje innhald som no, men samla i to og ikkje tre aviser.

Det kjem til å bli ein overgang, både for dykk lesarar og oss som jobbar i lokalavisa. Klart det blir vemodig når den siste torsdags- og laurdagsavisa kjem i postkassa. Men vi håper og trur at vi også frå slutten av mai skal levere innhald som både er relevant og interessant.

Leiar