- Det er ein slags dugnad, det også

Lokalavisa er tema i leiarartikkelen denne veka.
Leiar

Det er krevjande tider for alle, også i vårt lokalsamfunn. Skular og barnehagar er stengde, tilsette blir permitterte, verksemder må stenge og fryktar konkursar, reiser er avlyste og mange er redde for å bli sjuke.

Oppi alt dette har media ei veldig viktig oppgåve. Behovet for informasjon er svært stort i ei slik krisetid. Det ser vi på trafikken på vikebladet.no: kvar dag den siste veka har mellom 10.000 og 16.000 unike brukarar vore inne på sida. Den siste veka har vi publisert nesten 100 artiklar. Vår oppgåve er å formidle nyheiter og dei personlege historiene, og også halde lesarane oppdaterte på korona-tiltaka som kjem frå lokale og nasjonale styresmakter. Mange av artiklane er opne for alle, nokre er for dei som abonnerer.



Den siste veka har Vikebladet Vestposten fått kritikk, mellom anna i sosiale medium, for ikkje å ha absolutt alt vi skriv om korona-situasjonen ope for alle lesarar. «Alle snakkar om felles dugnad, minner ikkje mykje om dugnad for aviser iallfall», var det ein som skreiv på Facebook.

Det kan difor vere greitt å fortelje at vi legg all vesentleg informasjon i opne saker. Men også det å drive lokalavis er krevjande i desse dagar. Vikebladet Vestposten er ei lita, lokal bedrift som mista store delar av inntektsgrunnlaget (annonseinntektene) nærast over natta. Vi kjem difor til å halde fram med å ta betalt for den jobben vi gjer. Denne veka har nettavisa vorte oppdatert til alle døgnets tider frå heimekontor, det er ein slags dugnad, det også.

Heldigvis er det mange som forstår kor viktig det er å støtte lokal journalistikk. Opplagstala for siste halvdel av 2019 viser nok ein gong auke for Vikebladet Vestposten. Det er berre ein ting å seie: tusen takk!