I dag skal bysta av Ragnar Ulstein avdukast av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Bysta blir eit minnesmerke og ei påminning til nye generasjonar om kva som skjedde under andre verdskrig – og at det ikkje må få skje igjen.

At både forsvarsministeren, forsvarssjefen og fylkesmannen blir med på avdukingsseremonien, seier sitt om kor verdsett den store krigsinnsatsen til Ragnar Ulstein er. At han i 1941, saman med andre motstandsfolk, reiste til Shetland i motorbåten «Ulstein» og vart medlem av Kompani Linge, høyrer med til historia hans. Men den største innsatsen har Ragnar Ulstein gjort som historieforteljar. Journalisten og forfattaren har gjennom ei mengd bøker, avisartiklar og foredrag, ikkje minst til ungdomen, formidla krigens gru og den heltemodige innsatsen som mange nordmenn gjorde.

For ei veke sidan fekk snart 96 år gamle Ragnar Ulstein, under ei samling ved Universitetet i Oslo, spørsmål om korleis han såg på utviklinga i vår tid. Han svarte med ei setning: – Fridomen er ei søyle som ikkje skal tilpasse seg noko, alt anna må tilpasse seg henne.

Det er flott at vi på Rådhusplassen i Ulsteinvik har fått eit minnesmerke som har i seg ein bodskap om kor viktig fridomen er.