Førre helg vann Ulstein-jenta Viona Shera Sunnmøre kammermusikkfestival sitt talentstipend 2016. Blant dei fem kandidatane frå Søre Sunnmøre var også Svenning Veiseth frå Hareid og Silje Håheim frå Ulstein.

Musikk- og kulturskulane i Hareid og Ulstein vart starta hausten 1975. I dag har Hareid 300 elevplassar, Ulstein har 501.

Gjennom dei siste 40 åra har dei kommunale kulturskulane vore ein viktig boltreplass for barn og unge. Dit kjem opplagde talent, og dit kjem det born som oppdagar at dei gjennom nitid øving kan bli glitrande musikarar eller kulturberarar på andre felt. Musikk- og kulturskulane er ein stor rikdom for lokalsamfunnet.

I løpet av året kastar kulturskuleelevar glans over eit utal arrangement. Alt frå å opptre på pensjonistsamlingar til å stå på scena i Hareidshallen eller på Sjøborg. Elevane får øving i å opptre, og kulturskulane blir ein del av ein danningsprosess.

Forsking viser at det å jobbe med kultur er viktig for å tileigne seg kunnskap på ulike felt seinare i livet. Born som øver langsiktig får oppdage at dei må jobbe for å bli gode. Ein nyttig lærdom anten dei skal pugge tyske gloser eller løyse vanskelege matematikkoppgåver.

Men for at flest mogleg born og unge skal få høve til å gå på kulturskule er det viktig at politikarane passar på at elevbetalinga blir halden så låg som mogleg. Det er trist viss pengar blir eit stengsel for enkelte.