Torsdag skreiv vi om Hødd Ekstra-tilbodet. Det er ein del av Hødd-skulen, og målet er å tilby 7-, 8-, 9- og 10-åringar opp til to ekstra treningar i veka med profesjonelle trenarar. Dette er eit tilbod som heilt sikkert ein del born – og foreldre – har lyst til å nytte seg av.

Men for Hødd kostar opplegget pengar, pengar som dei må ta inn att i form av ei ekstra avgift for dei som skal vere med på Hødd Ekstra-tilbodet. Etter at Hødd-leiinga fekk innspel frå foreldre som peika på at det var viktig at tilbodet ikkje vart så dyrt at alle ikkje kunne vere med, har Hødd bestemt seg for å redusere prisen på Hødd Ekstra. I tillegg er det innført søskenmoderasjon.

Dette er prisverdig, og det er også betryggande at dagleg leiar Kari Mette Sundgot i Hødd uttaler til avisa at det er viktig at ingen blir ekskluderte på grunn av pris. Inkludert den vanlege treningsavgifta blir prisen for dei som skal take del på Hødd Ekstratilbodet to gonger i veka ei avgift på 4700 kroner per år. Kanskje går nokon av desse borna også på speidaren eller kulturskulen, og også det kostar pengar.

Det er ikkje så lett å snakke om det alltid, men for ein del foreldre kan utgiftene bli så høge at dei ikkje kan sende borna sine på fritidsaktivitetar.

Derfor er det så viktig å halde prisnivået så lågt som råd.