På våre kantar er kyrkjene heilt fulle. Det er mange år sidan prestane på Hareidlandet innførte to gudstenester den 24. desember. Vurdert på denne måten står julebodskapen sterkt. Han er den same i dag som for 2000 år sidan. Men tankane til menneska som samlar seg om denne forteljinga, har nok forandra seg mykje.

Slik er ramma for det vesle jubileet eg har tenkt å fortelje om i denne juleartikkelen. Denne jula er det nemleg 20 år sidan prost Arnfinn Haram i Loddefjord pådrog seg massive avisoppslag fordi han ville avlyse gudstenesta på julekvelden.

Arnfinn Haram? Sunnmøringen Haram hadde nære band til Hareid – i den forstand at han både oppheldt seg der i periodar i ungdommen og vart kjend med mange i bygda. I februar i fjor samla “sunnmørsmunken” ei stappfull Herøy kyrkje då han fortalde om ferda si frå ung lutheranar til katolikk.

Haram vart fødd 25. september 1948. Den 10. juni 2012 døde han under ein trimtur i Oslo. Då hadde han vore spaltist i norske aviser og gitt ut fleire bøker. Han konverterte frå prost i Den norske kyrkja til Den katolske kyrkja i 1998 og gav pavekyrkja sine evige løfte i 2002. Deretter vart han vigd som katolsk prest i 2003. Frå 2009 og fram til han døydde i sommar var han prior for dominikanarklosteret i Oslo.

*

Men det var altså for 20 år sidan, i desember 1992, at Arnfinn Haram kasta sin bannbulle mot den tiltakande norske tradisjonen med å feire gudsteneste julaftan. Prosten i Loddefjord ville rett og slett avlyse alt kyrkjeleg julaftan: – Desse julegudstenestene var i utgangspunktet ein god ide, men det gode er blitt det bestes fiende. Taparen er den fullverdige kyrkjelege feiringa av julemysteriet, basunerte Haram, som meinte gudstenestene julaftan tok brodden av julemysteriet:

– Første juledag sit der berre ein liten forhutla flokk att i kyrkjebenkene mange stader, medan jula er over for dei fleste. Eg skulle ønskje kyrkja tok radikale steg for å vinne attende den kyrkjelege kyrkjefeiringa. I dag fungerer gudstenesta julaftan nærast som ei markering av at butikkane nettopp er stengde, ei avslutning på den månadslange kommersielle jula, oppsummerte Haram i samtale med Vårt Land i desember 1992, der han la til:

– Første juledag feirar dei fleste i halvsøvne, fullstappa av ribbe og surkål.

*

Sjølv var Arnfinn Haram naturlegvis vel vitande om at heile utspelet var urealistisk. Men målet hans var at kyrkja skulle vinne jula attende frå handelsstanden. Han oppfatta gudstenesterushet julaftan som prikken over i-en for julekommersen. Det var vel og bra at folk strøymde til kyrkja for å skaffe seg litt stemning, men han var redd for at julebodskapen gjekk tapt på vegen. Det var juledag som skulle vere den store festdagen.– Når kyrkje sviktar den guddommeleg pedagogikken som ligg i kyrkjeår og liturgi, vil det etter kvart får store følgjer, spådde Haram for 20 år sidan. I dag veit vi at han fekk rett og at kampen mot kommersen er definitivt tapt. Kven veit, kanskje er det like greitt.

I dag forstår vi knapt kva han hadde i tankane med resonnementet sitt. Julaftan vil folk våre strøyme til kyrkje som aldri før – ikkje minst for å skaffe seg eit ein dash krydder til julestemninga. Dei om det.

Sjølv vil eg skjenke dominikanarbroren ein liten tanke i hans katolske himmel.

God jul!