Høgreordførarane Anders Riise i Hareid og Jan Berset i Ulstein har vore ivrige talsmenn for kommunereforma. No er dei bytta ut med Kristian Fuglseth, Folkelista for Hareid, og Framstegspolitikar Knut Erik Engh i Ulstein.

I laurdagsavisa seier Fuglseth at han ikkje trur Hareid har noko å hente på å bli ein del av ein storkommune, og at han synest den sitjande regjeringa har gjort eit dårleg forarbeid.

«Det blir som å gå inn i eit mørkt rom», uttaler han.

Engh har tidlegare signalisert at han i utgangspunktet er for ei kommunesamanslåing, men har også understreka at det må vere frivillig og at Ulstein og Hareid også kan kome langt med samarbeidstiltak.

I Herøy har Arnulf Goksøyr (H) fått fire nye år i ordførarstolen. Han har lenge gått motstraums og har sagt seg lite interessert i samanslåing. I Ørsta segla Senterpartiet opp med Stein Aam som ordførar, eit parti som ikkje akkurat er kjende for vilje til sentralisering og storkommunetankegang, og i Volda er det like før professor Jørgen Amdam (Ap.) tek ordførarklubba. I eit intervju med Sunnmørsposten seier han at kommunereforma er fallitt, og at han ikkje lenger har tru på henne.

Det kan teikne til at regjeringa skal få slite med kommunereforma på Søre Sunnmøre.