Å halde informasjon skjult er eit dårleg teikn for eit demokrati. Det er det kommuneleiinga i Ulstein legg opp til no dei neste månadene. For både rådmann og ordførar ønskjer lukka politisk behandling av Ulstein Arena-saka.

Det finst heilt sikkert tungtvegande og vettige argument for å stenge for innsyn. Ulstein Arena har vorte ei lei sak for kommunen, som no må forhandle med dei ulike leverandørane til prosjektet. Etter alt å døme er vi komne til langt utpå hausten før sluttsummen er klar.

Ulstein Arena er eit prosjekt som engasjerer. Praktbygget i Ulsteinvik sentrum skal huse både idrettshall, basseng og bibliotek. Ingen veit kor mykje meir enn ramma på 268 milionar kroner prosjektet kjem til å koste.

Ifølgje offentleglova skal møta i folkevalde organ i utgangspunktet vere opne. Tanken er at vi som bur i eit lokalsamfunn skal kunne følgje med på korleis makta vert utøvd i til dømes formannskap og kommunestyret. Vi skal kunne høyre kven som seier kva og sjå kva våre folkevalde røyster. Det er dette som gir oss grunnlag for å bruke røysteretten ved val.

Dersom kommuneleiinga i Ulstein får det som den vil, får vi ikkje eit slikt innsyn i Ulstein Arena-saka.  Vi må kanskje vente heilt til bygget er klar for opning før vi får vite totalsummen. Kanskje får vi aldri innsyn i den politiske behandlinga av saka.

For politikarane må saka vere  vanskeleg nok, om ikkje dei i tillegg vert pålagde å halde stilt om det som kjem fram bak lukka dører i formannskap og kommunestyre.

Politikarane sit med makta og bør difor gje folk flest innsyn, ikkje i detaljar rundt forhandlingar, men innsyn i det store bildet.