Livet har aldri vore rettferdig. 2014-tal frå Statistisk sentralbyrå fortel at 78.200 barn og unge lever i fattigdom i Norge. Auken er stor frå tidlegare år, og det er innvandrarborna som står for den største auken. Tal viser at halvparten av borna i lavinntektsfamiliar har innvandrarbakgrunn. Også i vår region finst det barn som lever i barnefattigdom.

Barneminister Solveig Horne har heilt rett i at det er viktig å auke yrkesdeltakinga, og at kommunane må kome med tiltak som gjer det mogleg for barn av låginntektsfamiliar å vere med på fritidsaktivitetar. For det kostar flesk å fø på barn og unge i dag. I alle fall viss standarden skal vere høg.

Fotballfaren Dag-Helge Rønnevik har i media oppmoda foreldre om å ikkje gi etter for presset om å kjøpe det dyraste utstyret til born og unge. Dei treng ikkje fotballsko til 2500 kroner, eller alpindressar til 7000 kroner. Rønnevik er trenar for eit fotballag og har sett gutar slutte fordi dei ikkje har råd til utstyr. Vi har også lese om jenter ned i 12-årsalderen som kjøper vesker til mange tusen kroner.

Livet har aldri vore rettferdig, men ingen treng så dyre vesker. Også for foreldre som har råd, kan det vere klokt å halde att. Det kan vere ein god barnelærdom å ta med seg inn i vaksenlivet.