I laurdagsavisa kan vi lese om Unn Conradi Andersen som har tatt doktorgrad i sosiologi med avhandlinga «Når margin blir mainstream. Forhandlinger om ekteskap, foreldreskap og slektskap i mediene».

Om lag 90.000 born i Norge lever i stefamiliar i dag. Conradi Andersen peikar på at svært ofte er forteljingane om desse familiane problemorienterte. Media skriv sjeldan om dei mange familiane som klarer å skape trygge rammer for borna, sjølv om dei  lever med fleire enn to omsorgspersonar.

Eit aukande tal born veks i dag opp med to foreldre av same kjønn. Også desse familiemønstra blir oftast problematiserte i media. Ved å gi dei nye familiestrukturane ei stekare stemme i media, vil liva deira stå fram som mindre framande. Unn Conradi Andersen har sjølv blitt ei viktig stemme.

Til sjuande og sist handlar det om toleranse. At vi som media og medmenneske skal gi rom for det som i starten kan kjennest annleis. Vi treng eit samfunn som er ope og tolerant. For folk som lever utanfor den gamle to-foreldremodellen, for homofile og for folk frå andre kulturar. Også her i vår region.