Opp gjennom åra har vi i Vikebladet Vestposten hatt fleire oppslag med naboar til fylkesveg 35 - strekket mellom Elvaneset og Ovra. Dei meiner vegen er farleg og farta for stor, og dei fryktar ulykker.

Ein rapport frå Statens vegvesen viser at dei har rett. Tala fortel at det i løpet av dei siste 10 åra har vore 17 ulykker på fylkesvegen frå Bigset, rundt Snipsøyrvatnet til Hjørungavåg og Hareid. Sju av dei 12 ulykkene med drepne/hardt skadde i kommunen har skjedd på denne fylkesvegen – og særleg mange på strekket mellom Elvaneset og Rolls-Royce sitt anlegg i Hjørungavåg.

Årsakene er fleire. Vegen frå Hareid sentrum mot Hjørungavåg innbyr til stor fart. Vegbana kan også til visse tider, fordi Melshornet skuggar for sola, vere glattare enn folk trur. Og der er problematiske avkøyrsler både til Ovrasanden, Verkstadvegen, Rolls-Royce og ved krysset opp til Slettebakken.

Les også: Hjørungavågvegen er farlegast

Det er også eit spørsmål om ikkje Ovrasvingen burde vore breiare. Når lange og tunge transportbilar kjem durande, og dei er det mange av, blir passasjen for møtande trafikk smal.

Ulykkesstatistikken skal opp som orienteringssak i Hareid kommunestyre, og det spørs om ikkje politikarane då bør ta seg ei runde og drøfte kva som må til for å gjere vegen tryggare.

Bli med på debatten på vår Facebook-side