“Snart skulle den dagen komme da ingen muslim ville bøye seg mot Mekka, ingen jøde med fletter og sort hatt skulle nikke spastisk mot klagemuren i Jerusalem, ingen kristen prest ville utføre det underlige ritualet ved å by almuen å spise Jesu legeme og drikke hans blod; slik sett skulle denne dagen etter hvert falbys på fortellerens marked som den første dagen da en forsonende fryd var i ferd med å bre seg utover Jorden...” Slik innleier Gert Nygårdshaug den nye romanen sin, “Fortellernes marked”. For oss som er stadige vitne til religionsstrid hos fjern og nær, er det vanskeleg å tru at “en forsonende fryd” vil breie seg over kloden med det første. Tvert imot; når striden no bryt ut i Herøy, burde det ikkje skape undring. At sokneprest Johnsen er overrumpla, kan ikkje kvile på noko anna enn at han har gløymt tradisjonen frå Calmeyergatens Misjonshus i 1920. Å kutte alt frivillig samarbeid med dei som har “brote med Bibelens autoritet” har sidan vore ein kampstrategi for konservative kristne her i landet. Oftast skjer dette i det stille og daglege. Men innimellom hamnar kampen i avisspaltene og på tv-skjermane, som då soknepresten i Hareid ikkje ville la biskop Rosemarie Köhn halde preika under festgudstenesta ved Hareidsstemna i 2004. Også den gongen var det homofilisaka som var sentrum for konflikten. Synet på homofili har vorte sjølve testspørsmålet – eller frontlinja – der dagens strid mellom konservative og meir liberale står. Utestenginga av Køhn var likevel langt meir dramatisk enn det vi har sett i Herøy denne veka, at eit frikyrkjesamfunn bryt med ein statskyrkjeprest. Truleg må vi heilt tilbake til Kristian Schjelderup sine dagar for å finne liknande aksjonar overfor ein biskop - som det Köhn opplevde på Hareid. Det var i glansdagane til Ole Hallesby at det store fellesmøtet i Calmeyergatens Misjonshus kom i stand. Ein av Hallesby-visjonane var å samle dei frie kristne organisasjonane til ein maktfaktor med Indremisjonsselskapet som midtpunkt. Dette var utgangspunktet for å samle alle vedkjennande kristne innanfor alle leirar i statskyrkja til årlege storstemne. Dei såkalla Geilo-møta høyrde heime i denne tradisjonen. Alt dette førte med seg fleire samarbeidstiltak. Men samarbeidet fekk straks sine grenser. Biskop Jens Tandberg, som var leiar for forstandarskapen ved Menighetsfakultetet, hadde gitt uttrykk for at skilnaden mellom liberal og positiv teologi ikkje var meir grunnleggjande enn at dei to retningane kunne stå saman i “kampen mot vantrua”. Ole Hallesby gjekk til frontalangrep på dette synet i fleire innlegg i Aftenposten: Dei rettruande måtte bryte ope med dei liberale. No var det tid for kamp, ikkje samarbeid. Så – på det store fellesmøtet i Calmeyergatens Misjonshus – med 950 utsendingar frå alle landsomfattande kristelege organisasjonar – kom vedtaket: Bibeltru kristne måtte ikkje inngå frivillig samarbeid med dei som hadde brote med Bibelens autoritet. Calmeyergate-prinsippet viste seg effektivt; den liberale teologien og den meir radikale kristentrua fekk seg eit skot for baugen. Men striden innan kyrkja har ikkje stilna; i dag er det Calmeyer-folket som er på defensiven. Dei har ikkje lenger breie lag av folket i ryggen. Skiftande kyrkjeministrar har sytt for at statskyrkja gradvis har tilpassa seg folkelege straumdrag. Med ei slik politisk overbygning er det ikkje vanskeleg å spå at det er Herøy-prest Jens Terje Johnsen som er på parti med framtida, ikkje motstandarane hans. At han ifølgje Sunnmørsposten er den einaste presten på Sunnmøre som kan tenkje seg å vie homofile, er nok forbigåande. Han vil få sine meiningsfellar i prestekollegiet også på våre kantar, litt etter litt, heilt til Johnsen-synet er det vanlege. Kva så med arvtakarane etter Ole Hallesby, Calmeyerfolket? Naturlegvis vil dei halde fram med å nytte Calmeyergate-prinsippet; ikkje lenger i ein åtakskrig, men som våpen i ein forsvarskamp. Effektivt? Ja. Men likevel vil dei bli drivne frå skanse til skanse - sakte, men sikkert. asle.geir@vikebladet.no