Ulstein kommune har kome litt skeivt ut når det gjeld undervisning for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Link heldt onsdag ope informasjonsmøte for å orientere om korleis dei arbeider, og ein del familiar har blitt med på ei fadderordning for denne gruppa.

Dette er bra, og heilt på line med det PST-sjef Benedicte Bjørnland uttaler i eit intervju med Magasinet 26. mars i år. PST-sjefen åtvarer mot ein stor flyktningstraum, og slår fast at dersom det kjem til dømes 60.000 asylsøkjarar i år, så står sikkerheitstenesta overfor store utfordringar, men at det ikkje er hennar jobb å seie kor mange som skal få sleppe inn i landet.

Bjørnland seier i intervjuet at analysane til PST viser at personar som har blitt radikaliserte i Norge framstår som dårleg integrerte og scorar dårleg på fullføring av vidaregåande skule og deltaking i arbeidslivet. Fellesnemnaren er at dei er unge, marginaliserte menneske. - Så er det noko eg tenkjer et er viktig å jobbe med som samfunn, så er det særleg einslege mindreårige asylsøkjarar. Vi må sørge for at dei som kjem hit åleine, kanskje 16 år og traumatiserte, blir ein del av fellesskapet og har noko meiningsfullt å gjere. Dei må inn i skulen og arbeidslivet. Vi må ta dei inn i armkroken så dei føler dei kjem inn i samfunnet vårt. Dei må bli våre ungdomar, uttaler sjefen for PST.

Mandatet hennar er å forebygge og gjere det tryggast mogleg for folk i Norge.