Starten på januar er tida for den årlege redaksjonelle årsrapporten. Søndag sat eg bak skrivebordet og bladde gjennom alle utgåvene av Vikebladet Vestposten. Det er ei lærerik øving. Gjennomgangen viste blant anna at det er eit godt stykke att til vi har like mange kvinnelege som mannlege kjelder.

Heldigvis har vi Gunvor Ulstein, Gunn Berit Gjerde, Kjersti Kleven og Marie Lovise Widnes, men i løpet av året har vi hatt mange «taliban»-utgåver. Dessverre er ikkje dette typisk berre vår avis. Professor Elisabeth Eide har gått gjennom norske aviser i 30 år.

Medan kvinnelege kjelder i 2010 utgjorde 31 prosent, var talet i 2015 sokke til 24 prosent. Og medan menn blir intervjua om næringsliv og politikk, blir kvinner henta inn til saker om familie, mote og helse.

Samfunnet nærmar seg likestilling, men media heng etter. Vi i redaksjonane må bli flinkare til å finne fram til kvinnelege kjelder, for det er ikkje tvil om at det finst mange kvinner med mykje kompetanse, og som kan bere fram nye vinklingar på saker.

Kanskje bør menn som ofte er i media oppmode kvinnelege kollegaer om svare i staden når media ringer for å få ein kommentar. Og sist, men ikkje minst; kvinnene må gjere seg synlege. Ikkje seie nei neste gong vi tek kontakt for å løfte kvinnene fram i media.