I desse dagar held vi som bur på Ytre Søre nærast pusten. Dei fleste av oss er spente på kva som vil skje med reiarlaget Havila, som no blir drive vidare på nåde frå bankane.

Fleire og fleire maritime verksemder langs kysten melder om manglande ordreinngang. Følgjen av dette er permitteringar og deretter oppseiingar. I førre veke sende sentrale maritime aktørar på Nordvestlandet ut ei oppmoding om at regjeringa må auke den maksimale perioden med dagpengar under permitteringar frå 30 til 52 veker i ein toårsperiode.

Ei slik utviding vil vere eit viktig verkemiddel både for å halde folk i arbeid, og for å halde på kompetansen som maritim næring har bygd opp. Om lag 110.000 personar i Norge har arbeidet sitt innan maritim næring, og for mange av dei er den dystre utsikta permittering og oppseiing.

Ved å utvide dagpengeperioden til 52 veker får bedriftene betre tid til å omstille seg. Næringa må derfor få olbogerom til nyskapingar blant anna innan energi frå havrommet.

Karbonutsleppa må bli lågare, og olje- og gassklynga kan spele ei viktig rolle i transformasjonen til ei grønare framtid. Men for å klare dette, er det viktig å ikkje kaste kompetansen over bord.