Det er mange som held pusten for tida. Denne veka har problema hos Kleven verft fått mykje merksemd: verftet treng friske pengar for å unngå konkurs.

– Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på, sa grunnleggar Marius Kleven i 1944. Dette gjeld framleis, men ein kjem ikkje langt utan å tene pengar. Verftet har ei omfattande ordrebok, men klarer ikkje betale rekningane sine.

Bedrifta har fire milliardar kroner i gjeld og treng ny kapital. I dag er barnebarnet til Marius, Kjersti Kleven, styreleiar og ein av dei største eigarane. Ho fortel at det er ei krevjande tid for verftet.

Det er lett å tenkje seg at dette er ein krevjande situasjon, ikkje berre for Kleven-leiinga og styret, som har jobba gjennom sommaren for å få nye pengar inn.

Dette er også ei krevjande tid for dei mange som har arbeidet sitt på verftet, dei som skal gjere godt arbeid og vere til å stole på. Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik seier at ein konkurs vil få dramatiske konsekvensar for heile distriktet.

Det er snakk om 700 arbeidsplassar. Det er snakk om arbeidarar som har sagt ja til månadleg lønstrekk for å gje arbeidsplassen eit lån på 24 millionar kroner.

Framtida til Kleven handlar ikkje berre om kven som skal eige det tradisjonsrike verftet, men også om kvardagen og framtida for mange familiar.

Vi kan berre ane den uroa alle tilsette på Kleven må kjenne på i desse dagar. – Eg håper på ei snarleg løysing, seier Kjersti Kleven.

Vi får håpe ho har rett. For det er farleg å halde pusten for lenge.