Det var ein gong ei sentrumsbygd som låg ved ein fjord. Langs vika strekte det seg ei lang, kvit sandstrand. Men ein dag ville dei som styrte i bygda lage ferjeleie, og stranda vart mindre og mindre. Snart låg det att berre to små sandsnipper. Men same kva folk sa, så tok dei som styrer den eine av dei. Då låg det att berre ei bittelita strand, og sjølv om enkelte kjæra og bad, så for den også...

Hareid kommune har, truleg med lova i hand, gitt løyve til å fylle over sandstranda ved Ulmatec på indre Hareid. Fleire har sendt inn protestar, og leiaren i fylket si planavdeling peikar på at det er vanleg forvaltningsskikk å vente med slike tiltak til klagane er handsama. Med dette utfyllingsløyvet har kommuneleiinga vist dårleg dømmekraft, og mange sit att med ei kjensle av at demokratiet ikkje fungerer. At framskundinga av utfyllinga har gått svært så stilt føre seg. Det er nok rett at ingen har brukt denne stranda til bading. Men med steinsetting på begge sider kunne ho ha lege der som ei naturleg lunge mellom industriområdet og småbåthamna. Slik gjekk det ikkje. Snipp, snapp snute, så var siste rest av sandstranda ute, vart slutten på eventyret. Skal tru kva nye generasjonar vil tenke om dei som bestemte dette - .