Er vi for feige og lite kritiske? Surrar vi oss for mykje inn i ei boble av kor, kos og konfirmasjon? Det var journalist Anne Viken som starta debatten gjennom kronikken "Dei sløve lokalmedia" i Klassekampen 22. juli. Ho kritiserte lokalavisene for ikkje å drive undersøkjande og kritisk journalistikk. Spesielt retta ho skytset mot avisene i Sogn og Fjordane, som ho hevdar både manglar kritisk journalistikk og gode kommentatorar. I det heile teke har lokalavisene for låge ambisjonar med journalistikken sin. Mellom dei som har kasta seg inn i denne diskusjonen, er den ferske redaktøren i lokalavisa Driva på Nord-Møre, Ole Petter Pedersen. Han støttar kritikken til Anne Viken, men peiker på at høgt arbeidspress og krav til inntening er med på å forklare fråværet av kritisk lokaljournalistikk. I ein lenger kronikk i Klassekampen 30. juli drøftar samfunnsvitar Svenn Arne Lie temaet inngåande. Han registrerer at lokalavisene generelt er stappfulle av saker om kos, kor og konfirmasjon – og konkluderer med at dette overfokuset på trivelege nyheiter er skadeleg – fordi distrikta uteblir i samfunnsdebatten: – Gjennom trivialitetsfokuset blir bygda parkert fullstendig i samfunnsutviklinga, skriv Lie – og poengterer: – Sjølv om lokalavisa ikkje får hovudoppslaget på Dagsrevyen kvar kveld, betyr det ikkje at lokalredaksjonen skal unngå konfliktfylte saker, prinsipielle debattar – og la vere å skape grunnlag for samfunnsengasjement og debatt lokalt. Eg veit ikkje kor sterkt ein slik kritikk råkar Vikebladet Vestposten. Først og fremst er det lesarane våre som må dømme om det. Det eg kan seie, er at vi ikkje er redde for å ta i konfliktfylte saker. I det heile er ambisjonen vår stadig å bli dyktigare til å informere lesarane våre, setje kritisk søkelys, oppsøke og grave; men også underhalde – og rose der det er på sin plass. Skal så ikkje lokalavisa vere patriot, vil enkelte spørje? Tja, vil eg svare til det. Lokalaviser som er patriotar, hamnar lett i rolla som heiagjeng for ei lokal utvikling som andre definerer – i staden for å ha kritisk distanse. Eg er samd med Svenn Arne Lie i at lokalsamfunnet taper mykje viss avisa ikkje har ein sjølvstendig ståstad. Om ikkje avisa er kritisk til sider ved utviklinga, misser lokalsamfunnet eit viktig korrektiv. Det hender rett som det er at denne avisa blir skulda for å vere negativ – og blir oppfordra til å vinkle sakene positivt. Men det er ikkje oppgåva til avisa å skape – eller konstruere – eit positivt bilete. For lesarane sin del skal vi skape eit sant bilete – så langt det er mogleg. I mange tilfelle er dette eit bilete av nyansar – både positive og negative – eit bilete som ikkje blir skapt i ein eller to artiklar, men over tid. Men heile denne debatten skal vi no altså ta i avisredaksjonen. asle.geir@vikebladet.no