Asyl: Kva er det for slags land vi lever i? Eg kunne ikkje unngå å stille meg spørsmålet då det egyptiske paret Hannaa og Mohammed Moussa fortalde meg historia si for ei veke sidan.

I over seks år har dei appellert til norske styresmakter om å få opphald i landet. Nyleg kom det definitive avslaget: 28. november må dei ut. Det som gjer historia deira hjarteskjerande, er dei tre borna deira. Hannaa og Mohammed må forlate Norge medan borna blir igjen. Korleis skal ei mor kunne leve vidare med noko slikt?

Borna på sju, ni og ti år har budd i fosterheim dei tre siste åra. Men foreldra har hatt tett kontakt med dei – og samvær kvar veke. Hannaa og Mohammed hadde ikkje gitt opp håpet om å få tilbake omsorga då brevet frå UNE kom førre veke.

No skal dei på hovudet ut. Utlendingsnemnda (UNE) kallar det for ein ubehageleg konsekvens av eit lovleg vedtak.

Det er naturlegvis lett å argumentere for at vi ikkje kan vere vidopne her i landet; at det er grenser for kor mykje innvandring landet kan tole. Det er også nødvendig at dei som skal handheve regelverket, har sine paragrafar å styre etter. Burde der ikkje likevel vere opning for eit medmenneskeleg skjønn? Å splitte foreldre og mindreårige born er eit dramatisk grep.

*

Moderniteten: Kanskje er det slik at blind tolking av paragrafar er eit grunnleggjande trekk ved eit moderne samfunn. Den kjende polske sosiologen Zygmunt Baumann ymtar i alle fall om det. No vil det nok provosere ein del av lesarane mine at eg dreg inn ein forskar som er mest kjend for analysane sine av holocaust. Men eg kan ikkje hjelpe for at saka til Hannaa og Mohammed har gitt meg slike assosiasjonar. – Vi må hugse, skriv Baumann, at dei fleste deltakarane i folkemord verken skaut med gevær eller helte gass i gasskammera. Dei fleste byråkratane skreiv rundskriv, laga planar, snakka i telefon og deltok på møte. Dei kunne øydelegge eit heilt folk ved å sitje ved skrivebordet. Dei tenkte ikkje på sluttproduktet i den harmlause, travle kvardagen sin.

Som sagt, det er både provoserande og farleg å dra denne jamføringa for langt, truleg har eg alt gått over streken. Likevel vil eg tilrå ei av bøkene til Bauman: “Moderniteten og holocaust”. Her viser han på ein nokså gripande måte korleis jødeutryddinga kan forståast som ei logisk følgje av vår moderne tid: Nytte, produksjon og orden blir overordna mål for samfunnet. Solidaritet og ansvar for medmenneske er skuva bort frå enkeltindivida til eit byråkrati utan ansikt.

*

Støttegruppe: Tar eg feil når eg tenkjer at det er eit slikt ansiktslaust byråkrati som styrer løpet når vårt egyptiske foreldrepar får reisepass medan borna må blir i Norge?

I alle fall er det bra at medmenneske i lokalmiljøet har starta støttegruppe og prøver å hjelpe Hannaa og Mohammed. Måtte engasjementet skake paragrafryttarane i grunnvollane!