Brøyting er ein viktig aktivitet i vinterlandet Noreg.  Det er ikkje utan grunn NRK har laga tre sesongar med dokumentarserien «Brøyt i vei», som følgjer brøytemannskap i ulike delar av landet. Årets sesong viser brøyting i Tromsø, på Haukelifjell og i Fiplingdalen. Sesongpremieren første nyttårsdag vart sett av 630.000 personar, noko som ifølgje NRK betyr at fire av ti som såg på tv då, valde  dette programmet.

Strevet for å halde vegane opne og mogleg å ferdast på er tydelegvis fengande og engasjerande. Sjølv her på våre kantar av landet, ofte med milde vintrar, er brøyting ein viktig aktivitet. Snørydding gir ei kjærkomen inntekt for mange.

Den siste tida har snøbrøytinga vore ein snakkis på Hareid. Eit firma, som er heileigd av ordføraren, vart tildelt anboda på to av fire roder i kommunen. Det er klart at det vert folkesnakk av slikt.  Ordføraren meiner det heile er uproblematisk, og er usamd i måten lokalavisa har vinkla saka på. Han viser til at all kommunikasjon har gått frå epostadressa til firmaet og ikkje frå hans kommunale epost.

Dette er ei opplagt sak for avisa: Andre tilbydarar har klaga på tildelinga. Administrasjonen seier det ikkje var tid til å kalle inn til kontraktsmøte med tilbydarane. Og det er klart det vert folkesnakk når eit firma eigd av ordføraren vert tildelt oppdraget. Ein månad frå utlysing til underskriving er ikkje kort tid, og ordførar er ei rolle ein ikkje kan hoppe inn og ut av.

Både administrasjon og ordførar har vore umusikalske i denne saka. No skal kontrollutvalet i Hareid kommune sjekke om prosessen har gått rett føre seg. Men NRK kjem vel neppe til Hareid for å lage sesong fire av «Brøyt i vei».