Eg er mellom dei som likar ideen om ein ny, flott fotballarena – med kunstgras og høg bruksfrekvens. Men eg fryktar at dei offensive stadionplanane kan få seg ein knekk om klubben lar laget sitt rykkje ned. Eg bruker bevisst formuleringa “lar laget rykkje ned” for å synleggjere at klubbleiinga ikkje kan sitje roleg å sjå på at laget ikkje klarer å vinne fotballkampar. Då Hødd rykte ned frå 1. divisjon i 1999, spelte klubben 15 kampar på rad utan siger. I nedrykksåret 2006 var rekkja 14 kampar. I år har laget 13 kampar på rad utan å vinne. Då vil det vere uansvarleg å slå seg til ro med at berre to lag rykkjer ned frå årets førstedivisjon, Problemet for ein liten klubb er naturlegvis at det kostar pengar både å forsterke spelarstallen og sparke trenaren. Truleg var det fleire enn eg som undra seg over at Sandefjord-trenar Tor Thodesen fekk fornya tillit etter nedrykket frå eliteserien i fjor. Ifølgje NTB var det eit krav om etterlønn på 3 millionar kroner som gjorde at Sandefjord let Thodesen halde fram. Men etter ein katastrofestart på årets sesong såg klubben seg tvinga til å aksjonere. Thodesen måtte gå etter berre fire kampar. Han fekk med seg ein sluttpakke på ein million. Å vere fotballtrenar på høgt nivå er ein risikosport. Det veit dei som satsar på ein trenarkarriere, det veit arbeidsgivarane deira. Slik er fotballpedagogikken utan nåde; vi ser trenarar kome og gå, anten dei kallar seg Tom Nordlie, Stig Inge Bjørnebye eller Tom Prahl. I Norge har vi likevel hatt ein merkeleg snillistisk diskusjon – der overskrifta har vore “slutt å kaste trenarar”. Det er kanskje ikkje overraskande at fotballforbundet har sett standarden på dette området. Norge er eit lite land, med ein liten fotballfamilie; vennskapsbanda er tette. Dette såg vi då landslagstrenar Nils Johan Semb var på hell; vi har sett det med Åge Hareide. Trenaren som har mislykkast i både VM- og EM-kvalik, får no høve til å prøve seg endå ein gong. Eigentleg er det ikkje til å tru! Ikkje misforstå meg; det skal ikkje vere lett å kvitte seg med ein a-lagstrenar; men grepet må høyre til repertoaret i ein kvar toppklubb, også i Hødd. Eg har ingen grunn til å tru at Sture Fladmark med eitt har blitt ein dårleg fotballtrenar. Tvert imot. Men etter heimetapet mot Alta søndag er det styrets oppgåve å vurdere om det likevel har kome til eit punkt der andre må ta over – for å få meir intensitet i treningane og meir guts på kamparenaen. Så får konklusjonen kome etter ein prosess der både spelarar og andre involverte har fått sagt sitt. asle.geir@vikebladet.no