Då skal vi hugse på at dette er eit selskap som utfører heilt vitale oppgåver. Utan skikkeleg søppeltømming vil livet i lokalsamfunnet endre karakter og til slutt bryte saman. Ikkje dess mindre er eit slikt selskap avhengig av å spele på lag med innbyggjarane; det er avhengig av tillit og forståing frå det publikum selskapet er sett til å tene. Berre innbyggjarane – som betaler renovasjonsavgifta – kan gi selskapet legitimitet. Det er denne legitimiteten som har blitt utfordra i haust. Det har han blitt gjennom hemmeleghald, brå omleggingar av innsamlingsrutinane og ein pågåande diskusjon om sekker, dunkar og veging. Så har det kome for ein dag at SSR kan ha nytta delar av renovasjonspengane – innbetalte av abonnentane – til å subsidiere den konkurranseutsette næringsdelen. På toppen av dette har selskapet vikla seg inn i eit økonomisk uføre – og held det gåande ved hjelp av ubrukte lånemidlar. I ein slik situasjon er ingen ting viktigare enn ein open og ærleg dialog med brukarane; med andre ord full informasjon. Men i det styret kjem på bana med ei lite innlegg i denne avisa laurdag 18. oktober, er det for å påstå at selskapet ikkje har økonomiske vanskar! Eg trudde knapt mine eigne auge då eg las det. Ei slik utsegn kan berre forklarast på to måtar. Anten dumskap eller arroganse. Eg fryktar at det er monopolistens klassiske arroganse som er ute og går: “Vi kan investere over evne, vi kan låne oss ut på viddene, eksperimentere med uprøvd teknologi – trumfen har vi likevel trygt i bakhand: Til sjuande og siste er det publikum som må betale for moroa: Blir gebyra berre skrua i vêret, vil økonomien ordna seg av seg sjølv.” (Og skulle det gå heilt over styr, vil kommunane måtte gripe inn og redde frå konkurs.) Det som har skjedd denne veka eit bilete på situasjonen: Måndag vedtok forstandarskapen i SSR å sende ut bossrekningar til abonnentane i Ulstein, Herøy og Sande etter same utrekningsmåte som i fjor. All bruk av vekt er sett til side – og gjennomsnittabonnenten må dermed betale meir. Rett nok skuldar SSR på at det har vore innkøyringsvanskar og kluss med veginga. Det er så, men prisen for rotet kan altså monopolisten velte over på innbyggjarane. Og nesten år kjem det etter alt å dømme meir: Ny prisauke fordi SSR treng pengar. Då er vi tilbake til informasjonsstrategien til SSR – og til dei kommunane som eig selskapet: Kvifor ikkje gå tidleg ut og informere om dei tekniske vanskane? Kvifor ikkje vere ærlege om økonomien? Kvifor ikkje velje den opne dørs politikk? * Tysdag 14. oktober brukte eg denne spalta til å minne SSR og eigarkommunane om at hemmeleghald skaper mistillit og gir grobotn for spekulasjonar. Eg peikte også på meiningsløysa i å halde den mykje omtalte selskapsrapporten hemmeleg – i det innhaldet likevel var i ferd med å leke til pressa. Naturlegvis finst her politikarar i regionen som forstår dette. Ein av dei er Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr. Avisa var ikkje før komen på gata 14. oktober – då han ringde meg og fortalde at han kom til å gå inn for å frigjere rapporten. Torsdag i same veka fekk han med seg kommunestyret på denne tankegangen. Klokt og tillitvekkjande.