Herøy formannskap skal 9. juni møte Ulstein formannskap for å drøfte kommunereforma.

Avisa Vestlandsnytt har tysdag 2. juni eit referat frå siste møtet i Herøy kommunestyre. Og skal vi tru referatet, har ikkje ordførar Goksøyr    (H) og det meste av troppa hans demonstrert diplomati og stor statsmannskunst under kommunestyremøtet.

Goksøyr seier blant anna at hans enkle analyse er at ingen vil vere ilag med Ulstein åleine, ikkje ein gong Hareid. Ordføraren i Herøy kjem også med følgjande kraftsalve: «Eg har tidlegare sagt litt på fleip at Herøy er så dyktige på mange ting at vi kan investere Ulstein til konkurs. Og jaggu ser det ut som eg tok akkurat passe i, for no er dei i ferd med å investre seg langt utover dei evnene dei har til å ta vare på økonomien sin».

Vestlandsnytt skriv også at herøyordføraren trur han veit svaret på om Ulstein og Herøy på noko tidspunkt kan la vere å klore augene ut av kvarandre i kampen om investeringsmidlar. Ein partikollega av Goksøyr sa i same møtet at Herøy er ein rik brudgom, og at det finst ein del fattige bruder rundt dei, som berre siklar på å få tak i dei.

Det må vere lov å meine at Herøy kommunestyre med desse utsegnene ikkje har lagt grunnlaget til ein diplomatisk og fruktbar debatt om kommunereforma.

Sei di meining om saka på våre Facebook-sider