Møre og Romsdal fylkeskommune er uroa over den sterke trafikkveksten på sambandet Hareid-Sulesund. Dei vil gjerne ta grep, men har ikkje pengar til ei tredje ferje.

Måndag 10. november skal samferdselsutvalet drøfte kva tiltak som kan gjerast. Forslaget er overraskande, og har fått mange til å riste på hovudet. Enkelte har trudd det var ein spøk.

Det fylkeskommunen foreslår er å innføre ulike billettprisar til ulike tider på døgnet. Tanken er at folk skal reise over fjorden utan om trafikktoppane morgon og kveld. Men folk må få lov til å reise når det passar dei.

Talet på store vogntog har auka kraftig, og næringslivstrafikken kan ikkje stå parkert for å vente på billegare ferjebillettar. Det kan heller ikkje dei mange som dagleg pendlar til arbeid mellom Ålesund og Hareid/Ulstein.

Dei fleste må møte opp på arbeid om morgonen, og dei fleste vil heim att til familiane sine i rimeleg tid. Mange småbarnsforeldre vil nok meine det er ein dårleg ide å vente på Moa (eller andre stader) til ferjebilletten blir rimelegare, når dei har barn som skal hentast i barnehage.

Slik trafikken har utvikla seg i sambandet er der berre ei løysing: tre ferjer til Hafast er på plass. I ventetida kan filene ved Hareid ferjekai gjerne bli lysregulerte.