Tysdag skal vi feire Den internasjonale kvinnedagen. Vi likar å tru at Norge er eit likestilt land, men det er framleis eit stykke att til jamstilling mellom kjønna. Sjølv om 55 prosent av dei med høgare utdanning i dag er kvinner, er berre ein fjerdedel av toppleiarane kvinner. Og kvinnene heng framleis etter på lønnsstatistikken. Fleire kvinner enn menn jobbar deltid, og medan menn utdannar seg innan teknikk og naturvitskap, utdannar kvinnene seg innan omsorg og undervisning. Kvinnene må sjølvsagt ta eit ansvar for å føre likestillinga vidare, men eg trur ikkje det er «rosabloggarane» som vil brøyte vegen vidare. Å stemple alle ungjenter som bloggar for å vere naive og dumme, vil vere maktmisbruk. Men det er ikkje til å underslå at ein del av desse «rosabloggarane» med silikon i puppane og lepper som får dei til å likne på Donald Duck, ikkje fremjar likestillinga. Det er viktig å heie fram unge jenter med meiningar, men det bør vere meiningar som ser litt vidare ut enn til sin eigen navle.

8. mars skal Iselin Aske fortelje  på SUFH om opplevingar ho har hatt som frivillig arbeidar på Lesvos. Solidaritet med barn og kvinner som lever under forferdelege forhold i andre land er også viktig likestillingsarbeid.