Dei som tar avgjersle om slike ting, har så langt meint at selskapsrapporten om det interkommunale selskapet SSR bør haldast hemmeleg. Kommunestyrerepresentant Håkon Waage (H) i Ulstein har klaga avgjersla inn for Fylkesmannen. Inntil vidare vil vi sitje igjen med eit inntrykk av at ikkje alt er som det skal i reinhaldsselskapet. Men det er mange som har fått utdelt den omtalte selskapsrapporten; personar som sit i styre og utval rundt om i kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Kanskje så mange som 60 eksemplar er i omløp. Då ville det vere naivt å tru at pressa ikkje på eitt eller anna tidspunkt får hand om dokumentet. Delar av innhaldet er naturlegvis alt kjent. I skrivande stund veit vi at NRK og fleire aviser prøver å få hand om rapporten. Etter det vi kjenner til, har Vestlandsnytt alt sikra seg eit eksemplar og vil ha eit oppslag om saka i dagens avis (tysdag). Dermed er historia om meiningsløysa i denne informasjonsstrategien ytterlegare understreka. Forsøket på hemmeleghald er naturlegvis eigna til å svekke omdømmet til SSR. Saman med andre hendingar dei siste vekene kan det røyne på forholdet til abonnentane. I sommar vart det kjent at den mangeårige dagleg leiaren i SSR, Peder Almedal, hadde sagt opp stillinga si. I avisa oppdaga vi saka gjennom ei stillingsannonse der SSR søkte etter dagleg leiar. Det ville ikkje vere unaturleg at selskapet sende ut ei pressemelding om saka. Men frå SSR var det taust. Alt dette kan vere tilfeldig og udramatisk – og botne i veik informasjonsstrategi. Men likevel ikkje særleg tillitvekkjande frå eit offentleg selskap. Så nådde rykta oss om selskapsrapporten og om at SSR-økonomien ikkje var som han burde. Samtidig var det klart at selskapet hadde starta sonderingar om samanslåing med reinhaldsverket i Ørsta/Volda, noko som i og for seg kan synest fornuftig, men som forsterka inntrykket av eit selskap i økonomiske vanskar. Når så alt dette blir akkompagnert av støyen omkring innføring av blå og grøne bossdunkar, veging av boss – og sist men ikkje minst, avgjerda om å samle inn papir og plast berre ein gong i månaden, blir det berrsynt at SSR – og kommunane som står bak selskapet – må ta ein grundig gjennomgang kommunikasjonen med publikum. I dag veit vi at SSR har likviditetsproblem. Selskapet har hatt store kostnader i samband med innføringa av dunkar og veging. Inntektsflyten har ikkje vore slik ein rekna med. Så peiker rapporten på at det har vore eit uryddig tilhøve mellom den kommersielle næringsdelen som selskapet driv, og monopoldelen som baserer seg på betalinga frå abonnentane. Eit naturleg spørsmål er om abonnentane betaler for mykje for å få levert bosset sitt. Det er klart at publikum må ha krav på å få vite dette – og at selskapet ikkje kan halde den delen av rapporten som omhandlar monopoldelen, hemmeleg. Kor alvorleg dette er, blir berre spekulasjonar – så lenge SSR og kommunane satsar på hemmeleghald. Når det ikkje blir gitt opplysningar, får fantasien fritt spelerom. Situasjonen blir fort uhaldbar, og tilliten går fløyten