Resultatet av kommunevalet 2015 vart ein ordførar frå Framstegspartiet i Ulstein. Det kan ikkje vere mykje tvil om at Arena Ulstein, dyre løysingar i Holsekerdalen og mykje anna pengebruk har fått mange av veljarane til å tenke at kommunen treng eit maktskifte. Arbeidarpartiet og Høgre har fått eit stempel på seg for uansvarleg pengebruk. Veljarane har signalisert at dei ønskjer ein meir jordnær omgang med pengar, og Knut Erik Engh frå Framstegspartiet har stått fram som eit truverdig alternativ.

I Hareid kommune er det nok i første rekke Høgre og Framstegspartiet sine signal om å opne opp for å samle krinsskulane i sentrum, som har fått så pass mange veljarar til å plukke opp setelen til Folkelista. Mange veljarar vil at det skal satsast på krinsane, og med hjelp frå Venstre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti har mange i Hareid no ei forventning om at dette vil skje i komande periode.

Men Ulstein har fått seg ein noko underleg fleirtalskoalisjon. At Kristeleg Folkeparti og SV har kakka seg på lag med Framstegspartiet får mange til å heve augnebrynet. Og sjølv om komande varaordførar Steinar Torvik uttaler at samarbeidet er berre valteknisk, skal det bli interessant å følgje med kva som skjer når saker som mottak av flyktningar, edruskapspolitikk og søndagsopne butikkar kjem på dagsorden.