Både Ulstein og Hareid lensmannskontor og Herøy og Sande lensmannskontor skal bestå. Det er klart etter at politidirektør Odd Reidar Humlegård fredag presenterte den nye politistrukturen i Noreg. Dette er ei klok avgjerd, som byggjer på tilrådinga til politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal.

Avgjerda betyr ikkje at beredskapen på Ytre Søre blir betre. For å få kabalen til å gå opp med vakter gjennom heile døgnet og i helgane, må det framleis vere eit vaktsamarbeid med Ørsta/Volda. Det fine med at begge lensmannskontora skal bestå, er nærleiken til innbyggjarane. Folk kan stikke innom det lokale lensmannskontoret på dagtid for å få hjelp til sivilrettslege saker, og kanskje også få eit par ord med lensmannen eller ein av politibetjentane som dei kjenner. I ein travel kvardag kan dei ved lensmannskontora praktisere litt «med hjarte på rette staden».

Ikkje minst i etterforskingssaker er det viktig å ha politi som kjenner dei lokale forholda. Politi som har tillit hos folket snappar opp mykje informasjon, og er ein viktig etterforskingsressurs. Når det er sagt, står denne reforma fram som ei sentraliseringsreform, der ei rekke utkantar i landet blir fråtekne lensmannskontora sine. Her på Sunnmøre gjeld dette Sula, Giske, Ørskog og Stranda og Norddal lensmannskontor.